Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Farlege blindpassasjerar

Mattilsynet fann frø av hønsehirse og floghavre i nesten halvparten av villfugl-blandingane dei testa i 2018 (Bondebladet nr. 26). Store kjeder som Jula, Biltema, Plantasjen og fleire mindre aktørar har tidlegare fått påvist frø frå floghavre, hønsehirse, ambrosia og hamp, i meisebollar og villfuglblandingar. Dette er nedslåande nytt for bøndene som kjempar mot ugras i åkrane sine.

Det speler lita rolle at fuglane får maten om vinteren. Frøa ligg i dvale og byrjar å spire når vêret blir varmare. Spreiinga av floghavre har bremsa opp dei siste åra, men til gjengjeld har førekomsten av hønsehirse eksplodert, seier forskar Therese With Berge i Nibio til Bondebladet.

Både hønsehirse og floghavre trivst godt i åkrar, men dei er veldig konkurransedyktige og kan klare seg bra langs vegar og i jord ved anleggsplassar. Ei plante lagar i gjennomsnitt 400 frø per aks.

Mange bønder melder om auka problem med hønsehirse. Det beste førebyggande tiltaket er god agronomi. God og dekkande vekst på kulturplantene hemjar både spiring og vekst av hønsehirse. I tillegg til god jordstruktur, kalking, drenering, friskt såfrø og gode forgrøder. I tillegg må ein drive effektiv mekanisk og kjemisk bekjemping.

Annonse

Pussing med beitepussar fører til at hønsehirsen set nye frøtoppar heilt ned til bakken og blir umogleg å luke. Dette er inga god løysing.

Kampen mot hønsehirse må takast på alvor. Ugraset kan vere vanskeleg å få has på, fordi det finst i hovudsak i to former; ein låg, og ein høg variant. Eit anna førebyggande tiltak er reingjering av maskiner. Spesielt er dette aktuelt ved bytte/leige av jord og leigekøyring.

I tillegg må Mattilsynet, saman med andre, ut med meir informasjon og kontroll hos fleire kjeder/butikkar som sel fuglefôr. Mange er opptatt av småfuglane våre og gir dei mat om vinteren. Det er sommar no, men til vinteren treng fuglane ekstra mat. Den må vere utan farlege blindpassasjerar.

Neste artikkel

KSL-revisjon hvert tredje år hos svineprodusenter