Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Farleg travelt

Vêret er bra og fyrsteslåtten går unna mange stader i landet vårt. Det er mykje som skal gjerast på kort tid, og for mange bønder kan det bli lange dagar. Å bli sliten er naturleg, og det er fort gjort å gjere ei feilvurdering. Eg «skulle berre», er eit uttrykk som mange vil kjenne seg att i.

Arbeidstilsynet har så langt i 2020 registrert fleire alvorlege ulykker med traktor. I dei fleste ulykkene i år har traktoren velta grunna køyring i ulendt terreng eller ubalanse på lasta. Frå 2008 til i dag har 71 menneske mista livet i slike ulykker.

Norsk Landbruksrådgiving meiner to menneskeliv kunne vore spart kvart år, om alle brukar nokre sekund på å feste beltet i traktoren. Ved køyring langs veg og i bratt lende må ein alltid bruke belte. NLR minner og om faren ved storsekkar som har rivna. Lagra storsekkar med gjødsel eller såvarer blir sprø og stroppene kan ryke.

Ved handtering av storsekkar, må bruke egna løftereiskapar og ikkje gå under hengande last. I tillegg bør ein bruke ein lang kniv. På den måten kan ein opne ein storsekk utan at ein må stå under han.

Annonse

Mange ensileringsmidler er klassifisert som irriterande, men i kontakt med vatn er dei etsande. Sprut i ansikt og augo kan føre til alvorlege skader. Derfor er det viktig å bruke skjerm eller tette briller og hanskar ved handtering av slike midler.

Ved silolegging må ein sørge for god lufting og gjennomtrekk i plansilo, eller med vifte og opne luker i tårnsilo. Ein skal aldri blande Kofasil med syremiddel av noko slag. Det gir kraftig gassutvikling.

Fallulukker skjer dessverre altfor ofte i landbruket. Kvar femte dødsulukke er knytte til fall. Tenk tryggleik og sikring ved bruk av stige og anna arbeid i høgda.

Til slutt det som er lett å gløyme, nemleg å ta små pausar. Strekke bein, rygg og nakke, og få i seg mat og drikke med jamne mellomrom. Mykje mas på ein gang, men statistikken lyg ikkje. Landbruket er ein farleg arbeidsplass, og sommaren er ofte den verste tida.

Neste artikkel

Bruka politikerne vil ha, forsvinner