Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Farleg bakterie nær viktige fruktområde

Pærebrann er rekna for å vere ein av verdas mest skadelege sjukdommar på eple og pærer. Utbrot av pærebrann har i mange land stor økonomisk betydning i fruktproduksjon, i tillegg til at sjukdommen øydelegg prydbuskar og tre i parkar og grøntanlegg. Det finst ikkje effektive kjemiske middel mot pærebrann.

I fjor sommar vart bakterien for fyrste gong påvist i kommersiell fruktproduksjon i Norge. Alle eplesortane som vart planta i denne frukthagen, hadde tydelege symptom på pærebrann. Frukttrea blei importerte frå Nederland og planta i 2019 og 2020. Importen kan ikkje utelukkast som spredningsveg, men mykje tyder på at smitten har kome frå infiserte planter i nærområdet, skriv Nibio.

Mattilsynet observerte betydeleg smitte av pærebrann i bulkemispel og sprikemispel i område rundt den aktuelle frukthagen. Dei nærmaste eksemplara stod berre 200 meter frå produksjonsområdet.

Så langt i år er smitte av pærebrann funne i tre nye kommunar: Sula, Tysnes og deler av Kinn. I alle tre tilfella er smitten observert i eit avgrensa område, og alle planter med symptom er fjerna, melder Mattilsynet som gjer ein viktig jobb i denne sjukdomskampen.

Annonse

Så langt har ikkje Mattilsynet observert smitte andre stader på Tysnes, men det er ikkje langt frå Tysnes til fruktområda i Hardanger. Det gir grunn til bekymring. Bier er kjende for å kunne overføre smitte av pærebrann frå plante til plante under bløming.

Det er optimisme i fruktnæringa, folk vil ha både norsk frukt og norsk sider. Pærebrann inn i dei viktige fruktområda vil vere ein katastrofe for næringa, derfor er denne kampen så viktig. Sjukdommen kan spreie seg svært raskt ved temperaturar over 20 ⁰C, og er derfor svært vanskeleg å overvinne.

Mattilsynet har prioritert tilsyn med importør og deira mottakskontroll over fleire år, og tilsynet viser at fleire har manglande kunnskap om plantehelse, regelverket og krava til mottakskontroll. Dette må tilsynet slå hardt ned på.

Neste artikkel

Håper på hjelp fra politikerne