Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Facebook eller bygdefest

Å diskutere på Facebook, og i sosiale medium elles, kan til tider samanliknast med å hamne i trøbbel på bygdefest. Å få motparten til å endre meining, er uvanleg.

Sjikane og nedsetjande ord om andre er dessverre blitt vanleg. Debattane er ofte harde og polariserte, også på mange av dei lukka sidene i landbruket. Her kan ein finne hets mot bønder frå folk som ikkje sjølve har nokon tilknyting til landbruket, men og at bønder hetsar andre bønder.

Bjørn Halvor Granerud er bekymra for utviklinga, at bønder snakkar kvarandre ned – framfor å snakke næringa fram. Ein må stå saman mot sterke motinteresser, seier sauebonden til Bondebladet.

Heldigvis finst det døme på det motsette. Facebook-gruppa «Nettverk for kvinnelege bønder» blei oppretta i 2012, og har no nesten 8000 medlemmer. Einaste opptakskrav er at du er dame. Alt frå sjuke dyr til tekniske problem med traktorar og utstyr, blir diskutert.

Annonse

Terskelen er låg og ein slepp sleivete kommentarar, er tilbakemeldingar frå kvinnebønder Bondebladet har snakka med. Gruppa har gjort meg trygg og stolt, og har eit unikt samhald, fortel ein av våre kjelder. Det kvinnebøndene har greidd å etablere, bør vere eit eksempel til etterfølging.

Dei fleste nyhetsmedier bruker sosiale medium som kanal for å nå ut. Det føl eit ansvar med dette. Det er bra med diskusjonar, og Facebook kan fungere til dette. Her får folk sleppe til. Det er ein bra ting å kunne meine noko offentleg, at det ikkje er reservert eliten. Ein kan få folk til å sjå ting i eit anna lys.

Men det kan vere lurt å spørje seg sjølv: Kvifor skal eg bruke tid og krefter på å diskutere her? Klarer eg å få fram argument som gjer at andre kan forstå dei? Prøver ein å forstå kvarandre, eller ligg ein godt plassert i eiga skyttargrav? Endar det opp med lange kranglar utan mål og meining?

Dersom det siste er tilfelle, kan det vere betre å gå på debattmøte eller bygdefest for å diskutere, men utan å slåst.

Neste artikkel

«Jul i bygda» – et hundreårsminne