Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Få bøndene med på laget

Fleire område av Oslofjorden blir tilført altfor mykje nitrogen. Ein rapport frå Niva og Havforskningsinstituttet viser at det er fleire alvorlege eller akutte problemområde i Ytre Oslofjord kor utsleppa må reduserast.

Det har vore ei femdobling av nitrogentilførselen til Ytre Oslofjord sidan førindustriell tid. Sidan tidleg 90-tal har det vore ein markert auke på høvesvis 19 og 30 prosent frå jordbruk og avløp. Tilføring av næringsstoff som nitrogen og fosfor fører til stor algevekst. Grønalger kveler sukkertare og ålegras som er viktige oppvekstområde for fisk og anna dyreliv, og mange fjordarmar har oksygensvinn i botnvatnet.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn har lagt fram ein redningsplan med 63 tiltak. Statsråden vil gjere fjorden frisk. Planens innsatsområde nr. ein er å redusere utslepp frå avløpsvatn. Det må bli ei strengare handheving av eksisterande regelverk for utslepp av avløpsvatn, særleg utslepp av ureinsa avløpsvatn på grunn av lekkasjar og manglande reinsekapasitet på reinseanlegga.

Planens innsatsområde nr. to er å redusere avrenningen frå jordbruket. Ein foreslår at dagens krav til kantvegetasjon må følgast opp tettare, og at det må jobbast vidare med å unngå haustpløying.

Vannområdeutvalget Morsa er ei vidareføring av Morsa-prosjektet som starta opp i 1999. Utvalet er eit samarbeid mellom kommunar, regionale styresmakter og brukarinteresser for å betre vasskvaliteten i Vansjø-Hobølvassdraget.

Annonse

Overvåkingsresultatene viser at innførte tiltak har positiv effekt på kvaliteten i vassdraga. Prosentandelen av åker som ikkje blir pløyd om hausten har økt frå ca. 30 til nærmare 80. Om lag 70 fangdammar er anlagt og buffersoner, gras og beplantninger langs vassdraget har auka betydeleg.

God informasjon om aktuelle tiltak, krav og gode tilskuddsordningar for bøndene, har lagt eit godt grunnlag for prosjektet. Erfaringane frå Morsa, om korleis dei har fått med bøndene på laget, kan vere til god nytte for resten av Oslofjorden og.

Neste artikkel

Yara lover nok mineralgjødsel til våronna