Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dugnad for plastretur

Norge er i verdstoppen på innsamling og gjenvinning av landbruksplast, men det er dårleg nytt for både bønder og miljø at kostnadane med ordninga den siste tida har auka kraftig.

Plastimportørar, bønder og gartnarar betaler ei miljøavgift når dei kjøper plast. Avgifta gjer at bønder gratis kan levere inn vaska og sortert landbruksplast til mottak. I 2018 vart nærmare 11 000 tonn landbruksplast sendt til gjenvinning.

No har endringar i lovverket, dårleg avsetning av brukt plast og fall i råvareprisen for resirkulert plast, ført til opphoping av landbruksplast på plastmottak. Mange mottak nærmar seg fulle lager. Mottaka har likevel plikt til å ta imot plast, og stiller større krav til at plasten er godt vaska og sortert.

Sentrale land, i hovudsak i Asia, har stansa mottak av all plast til gjenvinning frå Europa. Utan kjøparar av brukt plast har råvareprisen for resirkulert plast falt dramatisk. I 2018 gjekk innsamlinga av landbruksplast med 7,5 millionar i underskot.

Annonse

Grønt Punkt Norge, som har avtale med innsamlarar av plasten, opplyser at ordninga framleis går med store underskot. Prognosen for 2019 viser eit estimert underskot på ca. seks millionar kroner.

Miljøavgifta bøndene betaler per kilo rundballeplast auka i vår frå 21 øre til 1,56 kroner. No kjem ho til å stige på nytt. Det er nok av avgifter som aukar og aukar, og det er nærliggjande å tru at fleire kan velje å brenne plasten ulovleg for å spare utgifter.

Landbruket ønskjer at Grønt Punkt Norge skal drifte returordninga for landbruksplast. Skal returordninga fungere etter intensjonen, må ho vere sjølvfinansierande.

Ordninga er viktig og må bestå. Det må vere mogleg å finne ein gjenbruksverdi av plasten, slik at ordninga blir sjølvfinansierande på ny. Og alle må med! Det finns importørar som ikkje betaler miljøavgifta, ho er ikkje lovpålagt, men her er det fellesdugnad som gjeld.

Neste artikkel

Varsler nye økninger i plastavgift