Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dramatisk importauke

«Jeg er glad for at det blir inngått en avtale med et samlet jordbruk. Avtalen gir gode inntektsmuligheter for jordbruket og bygger opp under et aktivt landbruk over hele landet.»

Det sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad på pressekonferansen etter at partane vart einige om jordbruksavtalen 2019.

Frå 2000 til 2019 har importen av landbruksvarer til Norge, auka frå 16,6 til 66,5 milliardar kroner. Volumet har fordobla seg i denne 18-årsperioden. Importauken er dramatisk for norsk landbruk. Ein ting er å ha eit mål om levande landbruk i heile landet, noko anna er å leva opp til det.

Matproduksjon i heile landet, nasjonal matvareberedskap og norsk råvareproduksjon med prisuttak i marknaden er heilt avhengig av eit velfungerande importvern.

Annonse

Politikarane motarbeider måla om sjølvforsyning og jordbruk i heile landet. Grunnen til det er dei auke importmoglegheitene politikarane vedtar. Stortinget seier ja til artikkel 19-avtalar, auka importkvoter og null toll for sensitive produksjonar i norsk landbruk, meiner Kjell S. Rakkenes, direktør for nærings- og handelspolitikk i Nortura.

Skal politikarane leve opp til målet om landbruk i heile landet, må ein avstå frå å gje konsesjonar i nye handelsavtaler. Norge må òg bruke handlingsrommet vi har, og vurdere om ein kan leggje om frå kronetoll til prosenttoll på ein del produkt.

I butikken er det forbrukarane som avgjer framtida til norsk landbruk. Mange er opptekne av mangfald og av prisen på matvarene. Men svært mange er òg opptekne av landbruk og busetnad i heile landet. I butikken gjer vi vala våre, men forstår vi alltid konsekvensane av dei vala vi gjer?

Viss vi gjorde det, ville kanskje fleire valt norsk yoghurt og ost framfor importert, og heller besøkt naboen eller gjort noko anna, framfor å fylle handlevogna med mat i Sverige.

Neste artikkel

Smertefull rasjonalisering