Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dialog gir resultat

Ulike hendingar for nokre år sidan førte til ei tillitskrise mellom mange bønder og Mattilsynet. Stortinget bad regjeringa gjennomføre ei uavhengig gransking av tilsynet, og rapporten viste mange svakheiter i tilsynet.

Kommunikasjon på tilsyn var eitt av områda kor Mattilsynet fekk tydeleg kritikk. Dei siste åra har tilsynet derfor satsa meir på dialog, rettleiing og kommunikasjon under tilsyn. Det har gitt resultat.

Nye inspektørar blir no kursa i korleis dei skal oppføre seg under tilsyn. Personlege eigenskapar hos inspektørane betyr mykje, evna til å sette seg inn i bondens perspektiv og forstå korleis ein inn verkar inn på andre.

Det er viktig. Direktør i Mattilsynet, Ingunn Midttun Godal, seier ho har stor tru på livslang læring, og meiner Mattilsynet som arbeidsgivar har eit tydeleg ansvar for kompetanseutvikling og erfaringsutveksling.

Fylkesleiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, opplever at Mattilsynet har tatt tak. Fylkeslaget ser ein positiv endring i tilbakemeldingane dei får frå bøndene om tilsyn. Tilsyna kan ha dei same feila, men det er noko med måten bøndene har blitt møtt på, sjå sak under.

Bønder, som har hatt tilsyn både då og no seinare, opplever ein annan dialog no enn dei hadde før. Det har til dømes skjedd store endringar i grisehald dei siste åra, både kva Mattilsynet vurderer som tillate innanfor regelverket, og kva som er gjengs praksis. Dette har heva dyrevelferda.

Boka «Forvaltning av dyrevelferd i Norge» er nyleg lansert. Boka er resultatet av eit tverrfagleg prosjekt som har forska på Mattilsynet. Forskarane ser at det er ulike tilsynskulturar i tilsynet, ulike stader i landet. Mattilsynet skal jobbe vidare med funna i prosjektet.

Dyrevelferdsarbeid er ein kontinuerleg jobb, der heile næringa må arbeide for å bli best mogleg. Det er viktig at samspelet mellom næringa og Mattilsynet fungerer best mogleg, og god dialog er eit stikkord. Eit velfungerande Mattilsyn er svært viktig for norsk matproduksjon.

Neste artikkel

NJFF ber medlemmene melde fra om fugleinfluensa