Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det handlar om pris

Geitebonde Raymond Mathisen slår i hel 300 kje umiddelbart etter kjeing. Dette er eit etisk problem og gir næringa eit dårleg omdømme, meiner Mathisen. Geitebonden i Troms skulle gjerne ha fôra opp alle kjea som ikkje går til påsett, fram til slakt. Men i dag er dette for kostbart, dersom ein ikkje har nok samlemjølk.

I jordbruksavtalen frå 2014/15 blei slakttilskotet auka frå 80 kroner til 300 kroner per kje, over 3,5 kilo slaktevekt. Det gav eit oppsving i omsetninga av kjeslakt. Mange geitebønder, kokkar og andre meiner det kan vere rom for ein ytterlegare vekst i denne omsetninga.

Mange skryt av kjekjøtet. Det er mørt og smakar godt, og kan brukast på omtrent same måte som lammekjøt. Kjøtet egnar seg godt til gryterettar, frikasséar og til langtidssteiking av bog og lår. Fleire forbrukarar har oppdaga dette, og no kan ein finne kjekjøt i mange gardsbutikkar, på Bondens marked og i Reko-ringar.

Nortura registrerer også ein oppsving, sjølv om auken skjer frå eit svært lågt nivå. I 2013 blei det slakta 5 317 kje ved Norturas anlegg, mot 11 566 i 2019.

Annonse

I fjor hadde selskapet eit samarbeid med Meny og Mega om sal av kjekjøt. Desse butikkane stykkar heile kje sjølve. Nortura hadde avtale med ein del av geitebønder om å levere kje i tre veker i fjor, slik at butikkane hadde salskampanjar i vekene etter.

Denne typen kampanjar gir ein oppsving i salet. Men kan kjekjøt bli noka anna enn nisjeproduksjon som hovudsakleg går ut på Bondens marked og i gardsbutikkar?

Det kjem an på oss som forbrukarar. Dersom alle ledd i verdikjeda skal tene pengar, frå bonde til butikk, så blir prisen høg. Difor er kjekjøt ein utfordrande varestraum, når dei fleste butikkar i Noreg profilerer seg på låge prisar.

Skal fleire satse i større skala på kjekjøt, må prisane til produsent opp. Då må vi akseptere å betale meir for kjekjøtet.

Neste artikkel

Regjeringa dropper dobbel mottaksplikt på kjøtt