Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den viktige proteinjakta

Soyabønner er ei av dei viktigaste proteinkjeldene for både menneske og dyr. Husdyr er avhengige av soya i kraftfôret, saman med godt grovfôr, for å yte nok. I Norge bruker vi store mengder importert soya, særleg frå Brasil, i dyre- og fiskefôr.

Kjøtet som vart servert på Felleskjøpet sitt kraftfôrmøte i Stjørdal nyleg er godt nytt for landbruk og oppdrettsnæring i Norge. Kyllingen som stod på menyen var fôra med gjærprotein frå norsk trevirke, og han var både saftig og god (sjå sak side 14-15).

Gjennom enzymbehandling og fermentering er det altså mogleg å lage proteinfôr til husdyr og fisk. Det er gjort forsøk med gris og kylling, og forsøk med mjølkekyr og laks er i gang. Så langt viser resultata at dyra veks godt, og det er ikkje registrert negative utslag med omsyn til dyrehelsa.

Dette er tidleg i prosessen, og mykje arbeid står att. Men positive resultat gir håp om eit større industrielt prosjekt i kjølvatnet av det Foods of Norway har klart så langt. Felleskjøpet Fôrutvikling blir sentrale her, men dei må i tillegg få med seg andre aktørar for å finne ut meir – særleg om lønsemda i å starte produksjon på norsk basert protein. Det trengst mykje kapital for å gå i gang med dette.

Annonse

Soyaproduksjonen har hatt ein enorm vekst dei siste 20–30 åra, særleg i Sør-Amerika, men svært mykje av denne veksten har skjedd på kostnad av regnskog og andre økosystem. No er det eigne sertifiseringsordningar for soya på plass, og all soyaimport til Norge er underlagt dette.

Produksjonen av soya beveger seg stadig lenger nordover. Nederland, Estland og Canada produserer no soya, og norske forskarar testar produksjon av umodne soyabønner her i landet. På sikt kan vi kanskje få det til i dei klimatisk beste dyrkingsområda våre. Hovudutfordringane er å finne godt sortsmateriale tilpassa vårt klima.

Den sterke folkeauken framover betyr at etterspørselen etter soya vil stige, med fare for ny avskoging som resultat. Derfor er jakta på alternative og eigne proteinkjelder så viktig.

Neste artikkel

Vi spiser litt mindre kjøtt