Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den viktige kokkejobben

Bondelaget søkjer etter ny Bondelagskokk. Kokken blir vald annakvart år og skal gjennom sitt engasjement og virke som kokk, vere med å skape entusiasme og interesse for bruk av norske råvarer. Dette er ei kåring som er viktig for Bondelaget, i arbeidet med å profilere norske kvalitetsråvarer og norsk matkultur.

Bondelagskokken vil halde fram i sin vanlege jobb, men vil bli bedt om å bidra som ambassadør for norsk mat ved ulike arrangement. Døme på det er Matprisen, Det norske måltid, samarbeid med Den Norske Turistforening og Bondelagets eigne arrangement.

Bondelaget vil at stipendet skal bidra til å knytte tettare kontakt mellom bonde, kokk og forbrukar. Mange av bondelagskokkane profilerer norsk mat på ein særs god måte i sitt daglege virke, også etter at toårsperioden er over.

Landbruksnæringa og kokk- og restaurantbransjen er knytt saman gjennom maten. Å sikre at det blir utdanna nok ungdommar til ei yrkeskarriere innanfor matproduksjon og kokk- og servitørfaget, er ei viktig oppgåve for samfunnet vårt.

Annonse

Både kokkeyrket og yrkesfag generelt slit dessverre med låg status. Å vere kokk er allment kjent som eit tøft yrke, med utfordrande arbeidstider og arbeidsvilkår. Etter fallande søkartal til restaurant- og matfag i ti år, snudde trenden i år. Søkinga til Vg1 viste ein forsiktig auke, men med store skilnader mellom fylka. Trøndelag og Rogaland, fylke med lange mattradisjonar, hadde god auke blant 10.-klassingane, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Reiselivsnæringa har eit stort behov for dyktige folk, og ungdommar med interesse for restaurant- og matfag må motiverast til å velje denne linja. Då må ein arbeide vidare med å betre både arbeidstider og -vilkår. Godt kvalifiserte ungdommar er viktig for at næringa skal klare seg, utan å importere all arbeidskraft, og for norsk mat og matproduksjon. Bondelagskokken kan derfor vere ein viktig inspirator for mange ungdommar.

Neste artikkel

Norges Bondelag forsvarer bonden