Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den viktige grasrota

Grasrota er den folkelege opinion, den vanlege velgar, «mannen i gata», i motsetning til dei politiske styresmaktene og andre elitar, er definisjonen i Store norske leksikon. Uttrykket kjem frå USA.

Grasrotarbeidet til Norges Bondelag er særdeles viktig for organisasjonen. Det er til saman 500 lokallag i heile Norge. I desse laga kan medlemmer fremme synspunkt og diskutere strategiar og vegval.

I 2020 er Sømna Bondelag kåra til Årets lokallag. Det er tiande året på rad Bondelaget har denne kåringa. Hensikta med prisen er å markere at aktivitet, synlegheit, verving og god oppfølging av medlemmer, er høgt prioritert i organisasjonen.

Det verkar dessverre som om meiningane på grasrota ikkje når forbi fylkesstyra og til sentralleiinga, gjennom dei etablerte kanalane, men i staden kjem på Facebook, meiner Oddvar Mikkelsen og Asgeir Slåttnes, tidlegare fylkesleiarar i Bondelaget.

Annonse

«Hensikten med Bondelaget må være at signaler fra grasrota, om hvor skoen trykker, skal nå oppover i organisasjonen – fra lokallag, via fylkesstyrer og opp til styret og sentraladministrasjonen. Åpen kommunikasjon oppover er enda viktigere enn god kommunikasjon nedover», skreiv dei to eit debattinnlegg i Bondebladet nyleg. Eit viktig innspel, som organisasjonen må lytte til.

Det er naturleg at slike diskusjonar kjem i ein stor organisasjon som Bondelaget. Skal Bondelaget halde på solidaritet og styrke, må grasrota nå fram og det må vere god takhøgd. Tillitsvalde og lokallag har innflytelse i Bondelaget, men det er mange innspel og meiningar å ta omsyn til. Å fange opp og inkludere alt frå grasrota, er vanskeleg.

Årets jordbruksoppgjer vart sterkt prega av pandemien, og ein del av murringa frå grasrota kom i kjølvatnet av oppgjeret. Neste år blir det meir avgjerande, også fordi det er et stortingsval. For landbruket si framtid er det viktig med eit sterkt og samla bondelag – frå grasrota til toppen.

Neste artikkel

Mener ulvesonen i praksis utvides