Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei gode historiane

Bondebladet får med jamne mellomrom signal om at det blir for mykje negativt om landbruksnæringa i avisa.

Overproduksjon, dyrevelferd, dårlege jordbruksoppgjer, svak økonomi og sviktande rekruttering kan til tider skape negative oppslag, men det er også ein del av kvardagen. Det ligg i Bondebladet sitt mandat å ha fokus på bonden sine rammevilkår.

Men sjølv om vi kan bli flinkare, jobbar vi også med å løfte fram saker som inspirerer og skaper framtidstru. Dei tre siste utgåvene av Bondebladet har hovudsaker kor optimismen formeleg boblar på fyrstesida.

I utgåva før jul seier Årets unge bonde – Øistein Aasen frå Tolga: «Jeg har all grunn til å være stolt norsk bonde. Vi må slå opp fjøsdøra og vise fram alt det bra vi gjør.»

I forrige nummer hadde vi reportasje frå Melsom videregående skole. Praktisk arbeid står sentralt i utdanninga, og elevane er ettertrakta arbeidskraft i Vestfold-landbruket, alt medan dei er under utdanning. For Anniken Norstrøm, elev på Landbruk Vg3, var naturbruk eit enkelt retningsval. Ho vil ta grøn utdanning, for det er framtida.

Annonse

«Jeg vet at jeg vil få en jobb innenfor landbruket. Allerede er jeg helgeavløser for en grisebonde, og derfra er det millioner av muligheter», seier Anniken.

I dette nummeret presenterer vi alle dei fylkesvise vinnarane av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. BU-prisen har blitt delt ut kvart år sidan 1997. Prisen er med på å synleggjere kreative og lønnsame verksemder, som bidrar til næringsutvikling lokalt.

Konkurransen er hard og synliggjer mangfaldet og gründerånda i heile landet. Tre gode og spennande kandidatar er klare for årets finalerunde, og vinnaren blir kåra under Grüne Woche i Berlin.

Når det bles som verst i næringa, er det særs viktig å få fram desse historiane. Dei er med på å skape håp og tru i næringa, og dei kan også motivere fleire unge til å ta ei grøn utdanning. Vi tar utfordringa, og vi veit det er godt lesestoff.

Neste artikkel

Jakter kunnskap om bonden