Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Defensivt frå regjeringa

Regjeringa si klimasatsing i statsbudsjettet er svært skuffande. Dei foreslår eit kutt på ti millionar kroner til skog-, klima- og energitiltak i 2019.

Regjeringa går heller ikkje inn for noko klimafond for landbruket, sjølv om eit fleirtal på Stortinget har bedt regjeringa greie ut ein slik modell – og komme tilbake til det i statsbudsjettet. Vidare foreslår ein å kutte 7,5 millionar kroner til Nibio, noko som kan gå utover forsking knytt til meir klimavennleg matproduksjon.

FNs klimapanel (IPCC) kom nyleg med ein spesialrapport om 1,5 graders global oppvarming. Rapporten er klar i talen: Med innsatsen vår no har ikkje verda sjanse til å nå målet om å avgrense oppvarminga til 1,5 grader, samanlikna med det temperaturen var før den industrielle revolusjon.

Annonse

Om målet skal nåast, må ein tenkja nytt og handle raskt i alle deler av samfunnet. Vind- og solkraft må erstatte olje, gass og kol i eit mykje større tempo enn vi ser i dag. Vi må også dyrke jorda og produsere mat på andre måtar, meiner IPCC.

Vêret er i endring. Etter kvart som isen over Nordpolhavet smeltar, aukar fordampinga. Det påverkar jetstraumane høgt over oss, som gir nye former for lås­ing av vêrmønstera. Vi kjem til å få meir ekstremvêr, både tørke og nedbør, meiner klimaforskarar. Det vil gjere det vanskelegare å produsere mat mange stadar.

Landbruket jaktar løysingar som kuttar utslepp, og samtidig tar vare på eigen matproduksjon. Dette arbeidet treng all den støtta som er mogleg. Kutt i forsking og utvikling, som kan gi landbruket draghjelp, er skivebom. Det trengst ei offensiv satsing på meir klimavennleg matproduksjon, ikkje ei satsing på redusert matproduksjon.

Rapporten viser at det trengst eit radikalt taktskifte for å unngå dramatiske klimaendringar. Regjeringa må gå framfor i dette arbeidet. Dersom ikkje, styrer vi mot ei global oppvarming godt over 1,5 grader. Konsekvensane er at millionar av menneske kjem på flukt, og at det blir vanskelegare å skaffe mat til alle.

Neste artikkel

Fossilfri gjødsel blir dyrt