Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygg er helsekost

Vi et rundt 3000 tonn med bygg i året. No vil Opplysningskontoret for brød og korn ha oss til å ete meir bygg. Dei har eit ambisiøst mål om å tidoble bruken av bygg i norsk kosthald – i brød, men også i ulike middagsrettar og i graut.

Det er eit ambisiøst mål, men verdt å lytte til. Skal ein lukkast, må ein få fram alle fordelane ved bygg, både med tanke på helse og klima.

Tradisjonelt sett har nordmenn ete mykje bygg, men det har vi gått bort frå. Pasta og ris har erstatta mykje av bygget i kosthaldet vårt. Bygg har høgt innhald av betaglukaner. Dette kostfiberet hjelper til med å stabilisere blodsukkeret og førebyggje livsstilssjukdommar. I tillegg inneheld bygg mykje fiber. Alt dette bidrar til å halde ein mett lenger, senke kolesterolet og gjere tarmfunksjonen betre, seier ekspertane.

Mange unge er opptekne av kosthald og klima – kortreist mat med lite karbonavtrykk. Den aukande interessa for vegetarisk kosthald har ført til fleire såkalla fleksitarianere. Omgrepet definerer dei som av og til droppar kjøt, fisk, mjølk og egg.

Annonse

Bygg bør inn på matlista, som eit godt alternativ, til denne gruppa av unge forbrukarar, og til andre. Korn er blant mattypane med lågast karbonavtrykk, og økt andel bygg i kosten kan vere med på å senke forbruket av importerte og langreiste matvarer.

Det er ikkje meir enn et par tiår sida sushi var ein eksotisk matrett i Norge. No har han blitt daglegdags over hele landet, og særleg som «take away». Norsk laks spelar ei sentral rolle i sushi, saman med andre fiskeråvarer og ris. Kva med byggkorn som ingrediens i sushi, eller byggryn som erstatning for ris neste gang du skal ha risotto og paella?

Det er kome nokre produkt med bygg dei siste åra, som middagsris av bygg og ferdige variantar av byggrynsgraut, men det kan gjerast mykje meir. Treff ein godt med nye produkt, er ikkje målet så fjernt lengre.

Neste artikkel

Ser muligheter med ny, norsk landbruksteknologi