Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bollestad er ingen provokasjon for landbruket

I 2013 kom Frp i regjering saman med Høgre, og Sylvi Listhaug vart landbruks- og matminister. Bondelaget opplevde det som ein provokasjon frå Erna Solberg si side. Frp var ytterpunktet i landbruks­politikken, og med Sylvi Listhaug fekk vi ytterpunktet av ytterpunktet.

Olaug Bollestad (KrF) som ny landbruks- og matminister er ikkje ein provokasjon for landbruket. KrF har stått opp for landbruket i Stortinget, og har bidratt til at den nye regjeringserklæringa set klare rammer for landbrukspolitikken. Faktisk so klare at Listhaug meiner landbruksdelen må vere skriven av Bondelaget.

Plattforma set tak på produksjonskvotar, vil styrkje marknadsreguleringa, seier nei til meir liberalisering av konsesjonslovene og har klare mål om at sprika i inntekt mellom bønder og andre yrkesgrupper skal ned.

Plattforma blir styrande for den jobben som Bollestad no skal gjere i departementet. Ho har tidlegare stått opp for landbruket i Stortinget og er også leiar i eit parti som har omtalt seg sjølv som «landbruksgarantistar».

Annonse

Under Solberg-regjeringa har det vore forsøk på å liberalisere og svekke berebjelkane i det norske landbruket, men det har KrF klart å setje ein stoppar for. Tapte saker er forbod mot nydyrking av myr og avvikling av pelsdyrnæringa.

Med KrF i regjering blir dynamikken i politikken endra. Landbruksfleirtalet på Stortinget er borte, og det blir nok tøffe kampar for Bollestad og KrF framover, då hjelper det godt med ekte engasjement for landbruket.

Med ei næring som produserer for mykje står utfordringane i kø for den nye ministeren. Mykje av overproduksjonen kan sporast tilbake til Listhaug sine grep i 2014, men på grunn av utfasinga av Jarlsberg-eksporten, vil det truleg måtte bli endå verre, før det blir betre.

Neste artikkel

Bollestad: – En forkastelig ukultur