Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Betydninga av landbruket

Det europeiske legemiddelverket utarbeider årlege rapportar over antibiotikaforbruket i europeiske land. 25 land i Europa har levert tal for kor mykje antibiotika dei har brukt til matproduserande dyr, i perioden frå 2011 til 2020. Nedgangen var heile 43 prosent. Antibiotikabruken blei med andre ord nesten halvert på ti år.

Norge utmerker seg blant landa som bruker minst antibiotika i husdyrproduksjonen. Regjeringa har sete fleire tydelege mål for redusert og riktigare bruk. Husdyrbønder, veterinærar, legar og andre har i mange år arbeidd med å redusere bruken av antibiotika. Resultata i siste rapport viser at strategiane mot antibiotikaresistens har vore vellukka, både i husdyrhaldet og i helsevesenet.

Det er gjort ein stor innsats, i samarbeid med styresmaktene. Norge har god dyrehelse, og det er inga sjølvfølge. Så lenge ein klarer å halde dyra friske, treng ein ikkje antibiotika.

I 2020 vart det kjøpt tre prosent mindre antibiotika til matproduserande landdyr enn året før. Innanfor denne gruppa er antibiotikaforbruket redusert med 23 prosent sidan 2013. Det betyr at Norge har nådd regjeringas strategimål for årsperioden 2015–2021.

Vi er eit føregangsland, eit godt eksempel for resten av verda, meiner Petter Elstrøm, seniorforskar og dr. philos. innanfor resistens og infeksjonsforebygging ved FHI (sjå sak under). Elstrøm får full støtte av Dag Berild, spesialist i infeksjonssjukdommar og professor ved OsloMet.

Serien i Bondebladet, Landbrukets betydning, viser klart og tydeleg kor mykje næringa betyr for beredskap, arbeidsplassar, helse og turisme. Serien har fått mykje merksemd, og for mange er det mykje nytt å lære, også for folkevalde på Stortinget.

Annonse

Vi veit at forbrukarane har høg tillit til norsk mat. Det må byggjast eit tilsvarande mentalt tollvern på klima, for å sikre at forbrukarane vel norsk mat av omsyn til berekraft. Derfor er det viktig at næringa støtter opp under klimaarbeidet og tar i bruk klimakalkulatoren.

Neste artikkel

Areal tilsvarende 200 000 fotballbaner til hyttebygging