Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bane Nor må ta gjerdeansvar

I fleire område går jernbanen gjennom aktive husdyrområde. Mange sauebønder i Rogaland har dei siste åra opplevd å miste eller få skada dyr på grunn av toget. Dette skuldast manglande vedlikehald av gjerde langs jernbanelinja.

No har mange grunneigarar fått tilbod frå Bane Nor om nytt gjerde. Der gjerdet er så dårleg at det må skiftast ut, tar selskapet alle kostnader med å setje opp nytt gjerde for husdyr, mot at grunneigar tek over eigarskapet til gjerdet.

Norges Bondelag åtvarar mot dette, og dei har fleire grunnar. For det første må alt framtidig vedlikehald gjerast av grunneigaren. I tillegg vil ein kunne stå svakare i eventuelle erstatningssaker når dyr har gått tapt, fordi det er grunneigar som skulle halde ved like gjerdet.

Annonse

Bane Nor sitt manglande vedlikehald av gjerde har påført dyr og menneske uverdige påkjenningar, med skadde og døde dyr langs sporet. Vedlikehaldet har vore forsømt gjennom mange år.

Ingen er ueinige i at storsamfunnet treng god infrastruktur i form av veg og jernbane, men kostnaden og ansvaret for sikring kan ikkje tvingast over på grunneigar. Bane Nor må ta ansvar for dette.

Det er stor skilnad på korleis gjerdekvaliteten er, og det er ein omfattande jobb å utføre vedlikehaldet. Mange opplever berre rusta restar, etter det som ein gong har vore gjerde. Jernbanelinja går også mange stader kor det er vanskeleg å kome til, utan å nytte jernbanelinja. Det vil i så fall vere behov for trafikkregulering og sikkerheitsvakt under arbeidet. Det kan koste dyrt.

Det bør vere ein sjølvsagt ting at eigar av jernbanelinja skal ha ansvar for at husdyra ikkje kjem inn på linja. Dersom grunneigar sjølv tar over dette, er risikoen stor for at ein blir sitjande igjen med ansvaret for andre sine kostnader. Det kan potensielt gi erstatningsansvar – ikkje berre overfor ein bonde som har mista dyr, men også overfor jernbaneselskapet. Dei kan meine at gjerdet ikkje er halde ved like godt nok, og at det har påført dei skade på materiell eller forseinkingar.

Neste artikkel

Ida skulle gjerne tatt fagbrev i gjerdemontering