Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Avhengig av brei støtte

Tetting av inntektsgapet var blant spørsmåla til Sandra Borch då ho talte til Bondetinget. Borch var klar i svaret: Landbruket blir prioritert av regjeringa.

Grytten-utvalet har fått utvida frist til 1. oktober, sidan skal rapporten ut på høyring, før det blir ei sak i Stortinget. Borch meiner opptrappingsplanen kan trekkje ut i tid, men ho meinte jobben med å løfte inntektene kan starte uavhengig av planen.

Borch åtvara mot å tru at inntekta kan aukast utan å sikre konkurransekrafta og betre fleksibilitet i tollvernet. I revidert nasjonalbudsjett blei regjeringa, saman med SV, einige om å vurdere prosenttoll for storfe, svin, sau, lam og potet i budsjettet for 2023.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming åtvara mot å vedta ein jordbrukspolitikk som skifter for mykje med vekslande stortingsfleirtal. Gimming åtvara mot pendelpolitikk, og la vekt på kor viktig det er med eit breitt politisk fleirtal, kor også sentrum er med. Partia her har vore balanserande og svært viktige for jordbruket i fleire tiår.

Stortinget set måla for norsk jordbrukspolitikk. Jordbruket treng eit inntektsmål med brei politisk støtte i Stortinget. Det er viktig for framtidstru og rekruttering til næringa. Det må vere politisk vilje til å satse på jordbruket, ikkje ein berg-og-dal-bane som skaper uro og slitasje. Det toler ikkje næringa, det står pengar og framtid på spel for mange bønder.

Sjølv om berre Framstegspartiet stemte mot årets jordbruksavtale, var det fleire parti som ville endre på han. Høgre ville stemme mot høgare målprisar, fordi det ville gi forbrukarane dyrare mat. KrF og Venstre gjorde det derimot tidleg klart at dei ville stemme for avtalen.

Høgre viser dårleg forståing for jordbruket med nei til auka målprisar. Partiet meiner nemleg at bøndene skal hente meir av inntektene sine i marknaden. Høgre sitt forslag ville vore eit alvorleg feilgrep, og gjort at bonden si inntekt ville blitt enno meir parkert, samanlikne med andre yrkesgrupper.

Neste artikkel

Håpar på auka grøntsatsing etter nytt Lærdal-pakkeri