Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Antibiotikabruken til hundar bør endrast

Norsk Kennel Klub registrerte til saman 27 628 hundar i Norge i 2018, men talet er nok mykje høgare. Etter ulike anslag er det truleg minst 300 000–400 000 hundar i Norge, fordelt på over 250 000 hushaldningar, skriv regjeringen.no.

Ein ny analyse som er gjort av data henta frå Veterinært legemiddelregister viser at bruken av antibiotika til hund kan bli betre. Det viser ein omtale av analysen i Norsk veterinærtidsskrift.

Grunnen er klar nok: Bruken av antibiotika er den viktigaste årsaka til utvikling og spreiing av antibiotikaresistente bakteriar. Kjæledyr lev tett saman med eigarane sine, og antibiotikaresistente bakteriar kan overførast frå dyr til eigar.

Forbruket av antibiotika til dyr i her i landet er svært lågt samanlikna med mange andre land. I Norge brukast det i hovudsak smalspektra penicillinpreparat som trygger resistens i mindre grad enn breispektra preparat.

Annonse

Auken i førekomsten av antibiotikaresistente bakteriar hos hund, bør vere ein vekkar. Fyrstevalet bør vere eit smalspektra antibakterielt middel for å avgrense utviklinga av antibiotikaresistens, meiner Statens legemiddelverk om bruk av antibiotika til hund og katt. Dette bør alle veterinærar merke seg.

I Danmark har utbreiinga av MRSA eksplodert. Ifølge Fødevarestyrelsen si screening var 88 prosent av svinebesetningane smitta i 2016. Det danske helsevesenet bruker i dag store ressursar for å hindre at husdyr-MRSA kjem seg inn på sjukehusa.

Ifølge Marta Hugas, sjefsforskar i EFSA, har førekomsten av antibiotikaresistente bakteriar i dyr gått ned i land som har innført strenge retningslinjer for bruk av antibiotika.

Sjølv om vi ligg veldig godt an på dyresida i Norge, så krev det hardt arbeid og stor merksemd om antibiotikaresistens for å kunne bevare vår gode status. Det må gjelde for kjæledyr òg.

Neste artikkel

Mener vegetartrenden har rammet norsk fjørfenæring