Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Alvorleg for tilliten til Mattilsynet

NRK-saka om pelsdyrbonde Per Olaf Lauvås og Mattilsynet i Rogaland er reine røvarhistoria. I ein rapport om bonden melde Mattilsynet om underernærte dyr og rådde til avvikling av farmen. Men rapporten frå juni i fjor var full av faktafeil, innrømmer tilsynet.

Etter at Mattilsynet fjerna det opphavlege vedtaket, fekk bonden ein ny tilsynsrapport. Her skriv Mattilsynet at bonden si drift er god. Dei beklagar og ber han om å leggje saka bak seg.

Det kjem også fram at den opphavlege rapporten blei skriven av ein tilsett som ikkje deltok på inspeksjonen, men at han brukte dokumentasjon frå inspektørar som grunnlag. Dette skal ikkje vere eit enkelt tilfelle. Politiet etterforskar no saka, og sist veke gjekk Harald Gjein av som administrerande direktør i Mattilsynet.

Dette er ein skandale. Vi er heilt avhengige av eit velfungerande Mattilsyn, men vi er også heilt avhengige av å ha tillit til dei tilsynsorgana vi har. Det er det mange bønder i Rogaland som ikkje har lenger.

Annonse

Det er berre eitt år sidan Bondebladet skreiv om Trygve og Solveig Mjåtveit, som meinte inspektørane frå Mattilsynet gjekk inn for å knekka folk når dei kom på inspeksjon. Mattilsynet gjekk også den gang ut og beklaga oppførselen i ettertid.

Fylkesleiar Marit Epletveit i Rogaland Bondelag er klokkeklar på at hennar og mange andre sin tillit til Mattilsynet er veldig skjør. Fylkesleiaren seier ho kjenner til fleire tilfelle av same karakter: Bønder opplever at tilsynsrapportar ikkje stemmer overeins med kva Mattilsynet sine inspektørar har sagt under tilsynet.

Er det ein ukultur i Mattilsynet i Rogaland, og andre stader, eller er det mangel på kunnskap? Saka bør få konsekvensar for Mattilsynet i regionen. Tilsynet må ha ein skikkeleg gjennomgang av eigne prosedyrar og rutinar, og dei må byggje opp igjen tilliten til bønder og andre. Det er ein stor jobb.

Neste artikkel

Respektløse byråkrater