Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Å løfte i flokk

«Skal vi hevde vår interesse, er vi nødt til å løfte i flokk», skriv tidlegare bondelagsleiar Bjørn Iversen i ein prolog til årets årsmøte i Norges Bondelag. Bondelaget kan mobilisere og vise styrke, det fekk organisasjonen vist fram for fire veker sidan. Det var stor oppslutning rundt aksjonane.

I år har det gått eit bondeopprør parallelt med brotet. Opprøret har fått stor støtte, og harmen har vakse over heile landet. Mange legg ut kommentarar på Facebook-sida til opprøret, og det er trist å registrere ein del av desse. Sjikane og nedsetjande ord om andre er dessverre blitt vanleg, og ein del lar harmen gå utover tillitsvalde i Bondelaget, blant anna avtroppande bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.

Han går denne veka av som leiar i Bondelaget, etter sju år ved roret. Det har vore turbulente år, med store utfordringar. Bartnes har gjort ein god og solid jobb som leiar, gjennom ei vanskeleg tid. Dei blåblå prøvde i løpet av dei fire første åra med regjeringsmakt, å fjerne fleire av stolpane i landbrukspolitikken.

Bondelaget og resten av næringa greidde å stoppe dei fleste angrepa på modellen vi har. Solberg-regjeringa gjorde likevel mykje med verkemiddelsystemet i 2014. Dei oppheva i praksis mange av maksgrensene og strukturane i landbruket, og bøndene blei inviterte til å satse større og større.

Annonse

I dag ser vi at det har gitt store konsekvensar. Gjelda har vokse, og auka produksjonsmoglegheiter har ikkje hindra økonomien frå å bli meir anstrengt, både på små og store bruk. Inntekta står på ingen måte i forhold til arbeidsmengd og gjeldsbelastning.

Bondeopprøret har sett den negative utviklinga på dagsordenen. Men å la denne harmen gå utover tillitsvalde i Bondelaget, blir å skyte på pianisten. Bondelaget er ein demokratisk valt organisasjon, av og for bøndene, med ei kollektiv kraft heile året, både i storm og roleg sjø.

Organisasjonen gjer eit viktig arbeid i kulissane på Stortinget. 500 lokallag og 16 fylkeslag jobbar kvar dag for å få fram kor viktig det er med matproduksjon frå nord til sør, og kor viktig arbeidet til bonden er. Det er politisk vilje det handlar om, vilje til å støtte bøndene i det viktige oppdraget dei har for landet vårt.

Neste artikkel

Bollestad: – Vondt å ikke få til jordbruksavtale