Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil kome i kontakt med bønder som slit

Ruralis vil forsøke å kartleggje omfanget av bønder som slit med rus. Målet er å betre hjelpetilbodet.

Vil kartleggje: – Me skal prøve å få eit bilete av omfanget. Delen er nok ikkje mindre enn i befolkninga generelt. Kanskje heller tvert imot, seier Ruralis-forskar. (Illustrasjonsfoto: Mostphotos)
Vil kartleggje: – Me skal prøve å få eit bilete av omfanget. Delen er nok ikkje mindre enn i befolkninga generelt. Kanskje heller tvert imot, seier Ruralis-forskar. (Illustrasjonsfoto: Mostphotos)

– Bøndene har så mykje å gjere at nokre tyr til rusmiddel for å halde seg gåande, seier Ruralis-forskar Aina Winsvold i ein sak på Ruralis sine heimesider torsdag.

Fleire grunnar

Grunnane til at dette skjer, kan vere fleire:

– I landbruket er det stort press og høge krav til effektivitet. Somme tyr til rusmiddel for å halde seg gåande. Bønder har òg mange andre påkjenningar, som økonomiske bekymringar og hyppige endringar i politiske føringar og stadig nye krav om dokumentasjon. I tillegg har dei kanskje gjort store investeringar, seier Winsvold.

No vil ho koma i kontakt med bønder som slit. Målet er å betra hjelpetilbodet. Ruralis peikar på at det å jobbe med forebygging og behandling overfor bønder vil kreve metoder tilpassa bøndene sin livs- og arbeidssituasjon i større grad enn det som blir gjort i dag.

– Går under radaren

Winswold meiner bønder går under radaren når det kjem til rus og avhengigheit. Kor mange bønder som drikk, brukar pillar eller på annan måte slit med avhengigheit, er ukjent, seier ho.

Annonse

– Nei, det er det ingen som veit, for det har ikkje blitt undersøkt før. Me skal prøve å få eit bilete av omfanget. Delen er nok ikkje mindre enn i befolkninga generelt. Kanskje heller tvert imot, seier ho.

Forskaren trur også det er ein del som bagatelliserer eller fornektar at dei har eit problem.

– Det er vanskeleg å fange opp bønder som slit og å gje dei god nok hjelp, men eg har fått mange tilbakemeldingar frå ulike hald om at det er behov for eit tilbod for bønder, seier Winsvold.

Til dømes har Akan (Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk) erfart at dei ikkje når ut til bønder. Akan kontakta difor Nasjonalt fagkompetansesenter for landbrukshelse i Trondheim, og samarbeidsprosjektet som Winsvold no leier, er resultatet.

Skal intervjua bønder

For å skaffe oversikt sende Winsvold og kollegaene hennar ut spørjeskjema til bønder i ulike delar av landet i månadsskiftet januar/februar. Spørsmål om rus og avhengigheit er også tatt inn i KSL’en. Seinare skal Winsvold intervjua bønder som har erfaringar med rus eller annan avhengigheit. Også rådgjevarar og folk på landbrukskontor, samt personar som arbeider med behandling av rus og avhengigheit, skal intervjuast.

Forskaren oppmuntrar bønder som slit med rus eller som har erfaringar med avhengigheit, til å ta kontakt med henne for å fortelje om sine opplevingar. Også pårørande kan ta kontakt. Dei som gjer det er sikra anonymitet, Winsvold og forskarkollegaene har teieplikt.

Forskingsprosjektet Rus og avhengigproblematikk i landbruket er eit samarbeid mellom Ruralis, Nasjonalt fagkompetansesenter for landbrukshelse, Akan kompetansesenter, Blå Kors, Norges Bondelag og Norsk landbruksrådgiving.

Neste artikkel

Norsvin vil sette Norge på embryo-kartet