Fylkestinget i Vestland vedtok nyleg å løyve ti millionar kroner til bygging av lausdriftsfjøs.
– Det er strålande at fylkeskommunen syner vilje til å støtte bøndene i overgangen frå båsfjøs til lausdriftsfjøs. Dette viser at vi har ein fylkeskommune som bidreg i forhold til det som er den største utfordringa for heile landbruket i Vestland, seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag i ei pressemelding.
Den enorme prisveksten siste året har ført til at få bønder har søkt støtte til nybygging av fjøs.
– I Vestland fylke driv framleis knappe 700 bønder i båsfjøsar, difor kjem løyvingane frå fylkeskommunen godt med. Ordninga blir ei toppfinansiering på IBU- midlane (Investerings- og bedriftsutviklingsmidlane), og målet er at midlane skal brukast opp i 2022.
Felde meiner dette skapar framtidstru i mjølkeproduksjonen, og at mjølk er sjølve berebjelken i Vestlandslandbruket og utgjer over 50 prosent av verdiskapinga innan landbruk.
– Vi ynskjer eit aktivt landbruk i heile Vestland. Mjølkeproduksjonen er heilt avgjerande for både verdiskapinga og arealbruken hjå oss, seier Felde.