Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Utleige av kvote klart mest lønsamt

Det mest lønsame er å leige ut mjølkekvota og jorda, meiner Haram-bonde Atle Longva.

Mjølkeproduksjon: Atle Longva har 30 kyr å mjølke og kvote på 210 tonn. Foto: Privat

– Kvifor blir så få mjølkebruk selde i drift? Kanskje er det best for bygda at nokon unge med pågangsmot driver garden vidare, men det er blitt for kostbart å kome inn i næringa. Det mest lønsame er å leige ut kvota og jorda, meiner Haram-bonde Atle Longva.

Birgit Oline Kjerstad og Atle Longva har drive mjølkeproduksjon i Haram på Sunnmøre sidan 70-talet. Neste gong Atle fyller år rundar han 70, og tida er moden for å tenkje på å bli pensjonist. Ingen av barna ynskjer å ta over garden.

Dei har sett seg grundig inn i alternativa, og drøfta saka med rådgjevarar og andre.

Viktig å rekne

– Kalkulatoren seier leig ut kvota, men eg fylgjer nøye med i jordbruksforhandlingane for å sjå om det kjem nye signal. Det er òg eit skattespørsmål kva vi vel. Fyrstevalet er at garden skal drivast vidare, men for ein ungdom på veg inn i næringa vert det nok vanskeleg å reise nok kapital, seier Atle Longva.

Reknestykka syner at utkomet er for lite til å dekke både arbeid og kapital.

– Unge som vil etablere seg som gardbrukarar kan ikkje konkurrere økonomisk om kvotene med etablerte produsentar med ledig kapasitet. Kostnadene for dei som skal etablere noko nytt er mykje større, seier mjølkebonden.

Mellomstort bruk

Pegarden på Skuløya i Haram har vore i slekta i 200 år, og Atle tok over i 1972. Birgit kom til garden i 1981. I oppstarten hadde Atle 50 dekar dyrka mark og sju mjølkekyr, men han dyrka opp mykje jord dei fyrste åra. I 1980 bygde han nytt fjøs med plass til 20 kyr.

I 1998 gjekk dei i samdrift med ein nabo, og i 2001 blei fjøset utvida til 30 mjølkekyr og innreia til lausdrift. Samdrifta blei oppløyst i 2010, og Birgit og Atle kjøpte buskapen og kvota frå naboen.

I dag er garden eit mellomstort bruk med mjølkekvote på 210 tonn og 100 dekar eiga jord. Med leigejorda driv dei 400 dekar.

Annonse

Paret har to vaksne barn i 30-åra. Begge har, i mange år, vore med i samtalar om kva som skal skje vidare med garden. Dei har gjort sine val og ynskjer ikkje å ta over.

Ynskjer vidare drift: Fyrstevalet for Birgit Oline Kjerstad og Atle Longva er at garden skal drivast vidare, men ungdom på veg inn i næringa har ikkje ein sjanse til å konkurrere med bønder som skal utvide drifta. Foto: Arnar Lyche

Dei etablerte vinn

Atle Longva har rekna på ulike alternativ, og konklusjonen er krystallklar. Dei som skal inn i næringa, har ikkje ein sjanse til å konkurrere med bønder som skal utvide drifta.

– Å leige bort mjølkekvota løner seg best. Det er minst dobbelt så lønsamt som dei andre alternativa. Samstundes kjøper ein seg tid ved at kvota blir på bruket.

– Andrevalet er å selje kvoten. Ein kjem betre ut økonomisk ved å selje berre kvoten enn å selje heile garden. Samstundes beheld ein alle verdiar. Sal av bruk i drift er ei krevjande løysing, og i tillegg til kostnadene krev det mykje arbeid og tankeverksemd å skaffe ny bustad, seier Atle.

Usikkert grunnlag

Han legg til at det er mange som har bygd opp bra store brukseiningar basert på mykje leigejord. Det er bygd store fjøs på små gardar. Det har vore nødvendig å vekse for å leve av mjølkeproduksjonen.

– Her på øya har 20 mjølkebruk blitt til fire sidan 1980. Denne utviklinga er ein villa politikk, men har gitt ein sårbar struktur med vanskar i vidareføring av drifta. Pantegrunnlag for unge som vil kjøpe er ikkje godt nok i forhold til kapitalen dei må reise for å kome seg inn i næringa, seier mjølkebonden.

Brukseiningane er ofte bygd opp rundt ein person. Om denne personen må gi seg, får det store konsekvensar. Ligg drifta nede i to år er driftsgrunnlaget vekk og investeringane verdilause, meiner han.

– Alt i alt gjev dei rammevilkåra som vi har i dag eit sterkt driv mot større einingar og sentralisering av produksjonen. Her som elles løner det seg å bli kvitt folket. Ynskjer vi ei anna utvikling, så trengst det sterkare strukturprofil og betre finansieringsordningar for dei som vil inn i næringa, poengterer Atle Longva.

Neste artikkel

Kjemper for å beholde fjellsau