Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utfyller kvarandre i samdrift

Sogn og Fjordane har langt frå berre båsfjøs med 17 mjølkekyr. I år stod robotfjøs nummer 100 klart.

Alva samdrift i Erdalen i Stryn: Dei tre gardane er likestilte i samdrifta, både når det gjeld arbeidsinnsats og eigardel. Fra venstre Steinar Greidung, Edith Berge Greidung og Johan Berge.

Fjord og fjell har bidrege til at det er mange små bruk i grasfylket Sogn og Fjordane.

Men moderniseringa har kome lenger enn mange kanskje trur:

I februar flytta 60 mjølkekyr inn i Alva samdrift i Erdalen i Stryn kommune. Der blir dei mjølka av roboten Astronaut A4 frå Lely. Den er intet mindre enn mjølkerobot nummer 100 i fylket.

– Eg hadde ikkje trudd det var så mange, erkjenner også Per Ivar Skåre, styreleiar i den ferske samdrifta.

Færre bruk, fleire robotar

I likskap med resten av landet har også Sogn og Fjordane mista mange mjølkebruk. To av fem har blitt borte dei siste ti åra. I same periode har det blitt 18,5 prosent færre mjølkekyr.

Mjølkeproduksjonen har likevel vore stabil. Ei viktig årsak er moderniseringa.

I 2017 vart 42 prosent av mjølka i Sogn og Fjordane mjølka i lausdriftsfjøsar, og stadig fleire kyr blir mjølka med robot.

Meir tid til sosialt liv – i teorien

Samdriftsbøndene i Erdalen var ikkje i tvil om at dei ville ha robot når dei først bygde nytt fjøs saman.

– Det sa seg sjølv, seier Johan Berge.

– Den frigjer tid til andre arbeidsoppgåver i fjøset, og til å ha eit meir sosialt liv – sjølv om vi ikkje har merka mykje til det siste så langt, legg han til, noko som vekker latter hos gjengen som har samla seg på kontoret i nyefjøsen.

– Vi passar veldig godt på i fjøsen, forklarer Johan.

Mange røktarar

Dei er eigentleg tre i samdrifta: Johan Berge, Aamund Berge og Per Ivar Skåre. Men det er langt fleire inne på det vesle kontoret:

Der sit både Johan og broren Torstein, som er avløysar, Aamund, kona Bjørg Ladehaug og dottera Ingvild, som har planar om å ta over garden, og Per Ivar har med seg Harald Berge, som eigde garden hans tidlegare.

Alle saman går i fjøsen.

– Ikkje eg, seier gamleeigar Harald.

– Jau, du er der du også, svarer dei andre i kor.

Grunda på lausdriftskravet

Bakgrunnen for samdrifta er at Johan gjekk og grunda på kravet om lausdrift, som på den tid gjaldt frå 2024. Kva skulle han gjere? Skulle han byggje om fjøsen?

Han spurte Ingvild om ho hadde tenkt å ta over nabogarden etter foreldra. Ho var usikker, og forklarte at ho ønska å vere i eit driftsfellesskap.

Samtidig vart eit kommunalt mjølkeprosjekt starta i Stryn. Gjennom det kunne dei få Tine-rådgjeving. Dei fekk med seg Harald, og nytta sjansen til å få ein rådgjevar til å vurdere om det var grunnlag for ei samdrift.

Svaret var positivt, og etter fleire rundturar for å sjå på fjøsar og mykje planlegging, vart det sendt søknad til Innovasjon Norge om støtte.

Dobbelt suksess

Det er 3. mars 2017, og herrestafett i ski-VM. Ein meir spennande stafett har verda knapt sett maken til, uttalte landslagssjef Vidar Løfshus til NRK i etterkant.

Men for Harald Berge vart den spennande på to måtar.

Midt i andre etappe høyrer han eit pling bak ryggen. Han sjekkar telefonen. Det er frå Johan: Dei har fått svar frå Innovasjon Norge. Og det vart ja! Dei skulle få to millionar kroner!

Annonse

– Det betyr at det vart byggjestart, fortel Harald.

Norge vann elles stafetten, og 28. april begynte Strynebøndene å grave.

Mjuke dugnad

Dei la ned stor dugnadsinnsats. 3–4 traktorar var i sving. Dei køyrde først vekk matjorda, deretter grus, før dei henta stein.

– Saknar du hoppetussa, Aamund, spør Torstein, og alle ler.

Alle gjorde det dei kunne. Bjørg passa barna.

Og det var ikkje berre gjengen som no sit på kontoret, som stilte opp.

– Mykje bygdefolk har kome på dugnad, skrudd innreiing, måla og rydda. Andre kom med mat til oss, fortel Johan.

Det gjorde godt, fortel Ingvild.

– Både fordi vi trong hjelp, men også fordi dei hadde lyst til å hjelpe oss.

Ville ikkje fylle dalen med betong

6. februar i år flytta dyra inn. Elevane på den lokale barneskulen hadde allereie vore på besøk og sett seg rundt, og hoppa på kumadrassane. No var det kyrne sin tur til å ta dei i bruk.

Bygget på 1850 kvadrat har plass til totalt 220–230 dyr, inkludert små kalvar. Det har plass til 60 mjølkekyr, og 8 i velferdsavdeling. Løysingane er fleksible, og velferdsavdelinga er bøndene svært fornøgde med.

Til gjødsla valde dei vaakumutgjødsling, der gjødsla ligg i kum under golvet, som i eit badekar, inntil dei dreg ut proppen og gjødsla dett ned.

– Det var ei forholdsvis dyr løysing, men det er lite «mikkmakk» med den, og vi ville ha ei løysing vi stoler på. Vi var også lite lystne på å ha gjødsla utanfor bygget, fortel Johan.

– Vi ville ikkje byggje ned jorda, og fylle dalen med betong, samtykker Ingvild.

Både denne løysinga og bandfôringa dei valde, er dei godt nøgde med.

Totalprisen på prosjektet enda på vel 16,5 millionar kroner, pluss minst eit par millionar i dugnadsinnsats, anslår dei.

Utfyller kvarandre

Dei tre gardane er likestilte i samdrifta, både når det gjeld arbeidsinnsats og eigardel.

Dei har éi veke på, og to veker av, men har overlapping, der dei kan leggje større arbeidsoppgåver.

Johan og Per Ivar har rundt 30 vinterfôra sauer kvar, ved sidan av.

Per Ivar er i tillegg assistent på ei skule, og Johan har deltidsjobb som rekneskapsførar. Dermed har det blitt han som har ansvar for å styre økonomien i samdrifta. For samdrifta fordeler oppgåver etter kva kvar enkelt er god på.

– Aamund er gardsmekanikaren. Han er veldig flink, seier Johan.

– Torstein kan alt om data. Det har vore gull verdt å ha han, seier Bjørg.

– Det hadde blitt mange telefonar til servicefolka utan han, samtykker Johan.

Per Ivar har ungdom og kraft, og er den som «kan arbeide», meiner kollegaene hans, noko som får han til å sjå sjenert i bakken.

– Alle har felles mål, og stiller opp. Det er veldig kjekt å vere ein del av det, seier han.

Les heile saka i Bondebladet nr 34.

Neste artikkel

Ingen konkurssmell etter tørken