Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine: – Avsin kyrne seinare

Har du konsentrert haustkalving og siner tidleg, har Tine eit råd å kome med for at du skal klare å fylle kvota betre i år.

Har du konsentrert haustkalving og ekstra fôr frå i fjor, er det god idé å utnytte auken i forholdstalet til å vente med å sine, meiner Lars Istad. Han minner om at dyra ikkje treng meir enn to månader sinperiode. (Foto: Privat)
Har du konsentrert haustkalving og ekstra fôr frå i fjor, er det god idé å utnytte auken i forholdstalet til å vente med å sine, meiner Lars Istad. Han minner om at dyra ikkje treng meir enn to månader sinperiode. (Foto: Privat)

Nedskaleringa av mjølkeproduksjonen var det store temaet for mjølkebønder i fjor.

Styreleiar Marit Haugen trekte til slutt eit «lettelsens sukk» då Tine til slutt anbefalte at forholdstalet vart sett ned til 0,96 for 2020. Ho hadde frykta at det vart endå verre.

– Bøndene var innstilt på at produksjonen kom til å gå ned – kanskje endå meir enn til 0,96 – slik situasjonen var i fjor. Eg tippar dei har tilpassa dyretalet til nedgangen, seier Jo Helge Sunde i Tine.

Men situasjonen har brått endra seg. No er forholdstalet sett opp til 1,01.

– Då tippar eg mange er avhengige av å utnytte laktasjonen maksimalt for å fylle kvoten, seier Sunde.

Mjølkar mindre

Mange gjer ikkje det i dag.

– Vi ser at dei som har konsentrert kalving i gjennomsnitt har ein månad kortare laktasjon enn dei som har spreidd kalving. Så dei får rett og slett mindre igjen for arbeidet sitt, både i form av mjølk og i form av penger, seier Gunnar Dalen, organisasjonssjef i Tine.

Gjennomsnittsleveransen for dei som ikkje leverer mjølk i juli, er nesten 1000 liter mindre mjølk per ku enn snittet i Kukontrollen.

For bønder med haustkalving kan forlenging av mjølkeperioden med to til tre veker denne sommaren vere eit viktig tiltak for å klare å fylle kvoten, meiner Tine.

Jo Helge Sunde er prosjektleiar i eit prosjekt for å auke mjølkeproduksjonen om sommaren.

– Bøndene i Sogn og Fjordane og deler av Hordaland bruker utmarksbeite. For lite mjølk om sommaren er eit generelt problem her. Mange siner alle dyra sine i juni eller juli, og skal ha alle på utmarksbeite samtidig. Det er ikkje optimalt om dyr som skal kalve i oktober-desember blir sina i juni-juli. Vi prøver å få til at bøndene skal ha eit anna fokus i år, og utnytte laktasjonen betre enn det som har vore tradisjonen, seier Sunde.

1,76 kroner i meirpris

Annonse

Lars Istad er mjølkeprodusent i Voss og Indre Hardanger produsentlag og leiar i Voss Bondelag.

– Her er det mange som har både tre og fire månader sinperiode. Då utnyttar du potensialet til kyrne veldig dårleg. To månader er det som trengst, seier han.

Istad fortel at det er vanleg å sine av kyrne sine, og la dei gå på fjellbeite om sommaren.

– Det er nok litt tradisjon, men i enkelte år er det også knapt med fôr. Då er det greitt å utnytte fjellbeitet, seier Vossabonden,

– Enkelte avsiner dyra før dei tek førsteslåtten tidleg i juni. Eg ser at det er eit potensial for den enkelte bonde no, i å mjølke litt lenger på forsommaren. Veldig mange hadde eit godt fôrår i fjor, så det er ikkje noko hast i få dyra på fjellet. Dei kan nyte godt av sommarprisen som Tine har. Det er ein vinn-vinn-situasjon. Dei hjelper Tine med å auke mjølkeproduksjonen no når det er så stor etterspørsel, og det er god butikk for dei å mjølke i juni og juli, seier Istad.

Samanlikna med februar/ mars får bøndene i sone «Fjord og fjell» 1,46 kroner meir per liter i juni, 1,61 kroner meir i juli og 1,76 kroner meir per liter i august og september.

Tine opplyser at dersom ein aukar mjølkeproduksjonen med 400 liter per ku i juli/august kan det utgjere ei bruttoinntekt, inklusive distriktstilskotet, på cirka 2700 kroner per ku.

Etter at alt fôr er betalt, hamnar nettoen på mellom 1600 og 2000 kroner per ku dersom mjølka blir levert innanfor kvote.

– Heller lenger tur neste år

– Det kan vere mange grunnar til at dei siner av så tidleg, som ferieplanar og andre arbeidsoppgåver. Dei som skal kalve i september, er riktig avsina, men dei som skal kalve i november, kunne mjølka to månader til. Men det er klart, dette er val dei tek, seier Gunnar Dalen.

Det er utfordringar, og heimebeitet er kanskje det største, meiner han.

– Det handlar også om omsyn til familien. Poenget er at det er lønnsamt å mjølke lenger. Om dei lurer på kor lønnsamt, kan dei få hjelp til å sjå på det. På sikt er det også bra om Tine får ei jamnare kurve, Tine kan spare eit tresifra antal millionar kroner på det.

Dalen presiserer at for å unngå frie feittsyrer, er det viktig å halde oppe fôringa i hele laktasjonsperioden.

– Tine tilbyr hjelp til dei som vil ha hjelp til dette, seier organisasjonssjefen.

Jo Helge Sunde i sommarmjølkprosjektet kjem med ei oppfordring.

– Det er veldig bra i dette spesielle året, om ein kan strekke seg litt lenger. Det er sikkert mange som ikkje reiser på ferie i år. Dette er kanskje det året ein skal tenke på sommarmjølk – så kan ein heller reise på ein lenger tur neste år, når ein har tent meir penger enn vanleg i år, seier Sunde.

– Eller kanskje ein får lyst til å gjenta sommarmjølkproduksjonen når ein ser at ein tener penger på det, legg han til håpefullt.

Neste artikkel

Her er de største og minste kvoteselgerne