Norske Landbrukstenester har i år presentert ei ny utgåve av kåring "Årets Avløysar". Der dei tidlegare har kåra ein fylkesvinnar i kvart fylke, har organisasjonen i år kåra ein "Årets Avløysar" for heile landet.
36-åring til topps
Under nominasjonsrunden kom det inn i overkant av 60 gode kandidatar, der 36 av dei stetta nominasjonskrava.
Tage Nondal gjekk seirande ut av årets kåring. Han er 36 år gammal, og fra Hafslo i Luster kommune, skriv Norske Landbrukstenester i ei pressemelding.
Nondal jobbar som landbruksvikar i Landbrukstenester Sogn. Han er utdanna agronom, og har jobba som landbruksvikar sidan oktober 2007.
Involverer bonden
I innstillinga som kom inn under nominasjonsrunder står det blant anna:
«Tage er både løysingsorientert og lojal mot administrasjon, medlemane og arbeidskollega. Den gode kommunikasjonen gjer at ein får effektuert oppdraga til alle på ein rask og smidig måte utan mistydingar.
Arbeidskvardagen er ikkje alltid føreseieleg for ein landbruksvikar. Det kan bli endringar i arbeidsplanen når det oppstår akutt sjukdom og når etterspurnaden etter arbeidshjelp er stor. Men det er alltid lett å setje Tage inn i ein ny situasjon, og han skjønar kor viktig det er for bonden å få vikaren fort på plass.
Han er vand med å ta avgjerder på eiga hand, men involverer alltid bonden når det trengst."
Nondal fekk 30 prosent av stemmene. Premien til Årets Avløysar 2020 er eit reisegåvekort på 20 000 kroner.