Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Startar opp morell-samdrift

Hardanger tek opp morellkampen mot Lærdal og Telemark. Fire fruktbønder på Lofthus går no saman i ny samdrift om moreller.

Nytt felt: Dei fire fruktbøndene (frå v.) Magnus Opedal, Harald Alvavoll, Halldor Elling Eidnes og Knut Opedal går saman om morellesatsing. Trea skal vera på plass i 2019/2020. Foto: Sjur Ove Svartveit

Harald Alvavoll, Magnus Opedal, Halldor Elling Eidnes og Knut Opedal har samarbeidd godt i mange år. Men no går dei fire fruktbøndene på Lofthus eit steg lengre.

På eit nytt felt, som dei leiger av Nibio/Opplysningsvesenets fond, skal dei etablera ei samdrift i moreller. Feltet er på rundt 15 dekar, og her skal det berre vera tunnelar.

Det er entreprenør Eivind Nygård som gjer jobben med grøfting og planering, og bakkane kunne vore aktuelle som treningsbakke til talentfulle alpinistar. Det er bratt.

– Det er mykje arbeid som står att før me kan få plantene i jorda, seier fruktbonde Harald Alvavoll.

– Arbeidet har gått etter planen så langt, og det ser bra ut. Ein er avhengig av tørt vêr for å gjera arbeidet i dei bratte liene, og det har vi hatt i vår og sommar. Planen er å få trea i jorda i slutten av 2019 og i 2020, legg han til.

Store investeringar

Telemark og Lærdal er blitt dei største på morellproduksjon i Noreg, medan Hardanger ikkje har klart å følgje med i utviklinga. Eple og plommer har teke meir og meir over dei siste ti-femten åra. Det er få som har satsa stort på moreller i Hardanger dei siste åra.

Sjølv om etterspurnaden er på plass og det er pengar å tene, vegrar mange seg mot dei store investeringane, meiner Alvavoll.

– Vi reknar frå 150 000 til 170 000 kroner per dekar, i tillegg kjem utgiftene til opparbeiding av areal. Vi håper å få frå 30 til 35 prosent etableringsstønad per dekar frå Innovasjon Norge til dette feltet. Søknaden er til handsaming no, fortel fruktbonden.

Alvavoll er fruktprodusent på heiltid. Han dyrkar eple, plommer og litt pærer.

– Me hadde moreller før alle fire, men det var med det gamle systemet. Dei nye tunnelane står betre i sterk vind, og det er viktig for å satsa så stort som me gjer no, seier Alvavoll.

Det er sorten Lapins dei skal planta i det nye feltet.

Meir Hardangermoreller

Annonse

Dei fire Lofthus-bøndene har samarbeidd om utstyr, arbeidsoppgåver og plukkarar dei siste åra. Det fungerer bra, og dei fire har tru på at samdrifta vil gjera det same. Harald Alvavoll og Magnus Opedal er fruktbønder på heiltid, medan dei to andre har annan jobb ved sida av.

– Me hadde snakka om samarbeid på moreller ei stund, og so vart dette området tilgjengeleg gjennom Nibio og Opplysningsvesenets fond. Me har ein leigeavtale på 16 år førebels, seier Alvavoll.

Det er mange fordelar med ei samdrift på moreller, meiner han.

– Det blir fleire å dela utgifter og bekymringar med. Me bidrar inn med ulik kompetanse, og ved å organisera det som ei samdrift får ein meir fridom til familie og ferie, seier Alvavoll.

Med moreller går store deler av sommarsesongen med til innhausting, men no er dei fire som deler på alle arbeidsoppgåvene. I tillegg er prosjektet «Meir Hardangermoreller» viktig.

– Gjennom prosjektet får me tilbod om mykje god kompetanse, seier fruktbonden.

«Meir Hardangermoreller» er eit samarbeid mellom Hardanger fjordfrukt, Ullensvang fruktlager og Nå fruktlager. Gjennom prosjektet blir det no planta 60 dekar moreller, fordelt på 12 felt i Ullensvang. I Lofthus-området vert det planta rundt 35 dekar med moreller.

Godt område for tunnelar

Moreller kan vera god butikk. Kunsten er å få til jamn produksjon, meiner Alvavoll.

– Det er bratt her, men det er også veldig bra for utlufting i tunnelane. Dei egnar seg godt for bratte bakkar, og hellningsgraden på det nye feltet er høg. Det kan vere ei utfordring med dårleg vêr under knoppdanning, men ein er meir skjerma i tunnelar, seier han.

Dei fire reknar med avlingar på mellom 15 og 25 tonn.

– Moreller er særs viktig for Hardanger. Dei er modne fyrst, før plommer og eple. Me er opptekne av å kunna tilby dette til alle turistane som besøkjer regionen, og få morellene ut i butikkar over heile landet.

Alvavoll trur prosjektet vil gi resultat.

– Eg merkar auka interesse for moreller i området her. Det same gjeld for etablering av samdrifta. Det er nytt på frukt her i Hardanger, men i Lærdal og i Telemark har mange fruktdyrkarar gjort dette i mange år. Me har ikkje heilt bestemt korleis me vil organisera samdrifta, men eit aksjeselskap er svært aktuelt, seier fruktbonden på Lofthus.

Neste artikkel

Beskytter eplene med haglnett