Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Små endringar i kornnprognosen

Prognosen til Norske Felleskjøp tilseier at tilgangen av korn og proteinvekster er 21 000 tonn større enn prognoserte i november.

Norske Felleskjøp har oppdatert prognosen for tilgang og forbruk av korn og karbohydratråvarer til industrien. Foto: Dag Magnus Nielsen
Norske Felleskjøp har oppdatert prognosen for tilgang og forbruk av korn og karbohydratråvarer til industrien. Foto: Dag Magnus Nielsen

Det er små endringar i forhold til prognosen i november.

All tilgjengeleg vårkveite er føresett omsett til matmjølmøllene i løpet av sesongen.

Omdisponeringa av matkveite er overskot av matkveite klasse 5, som det ikkje vil vere marknad for til mat etter sesongen 2019/2020. Dette er føresett brukt til fôr i inneverande sesong.

Delar av overskotet, 34 000 tonn, er fordelt for omdisponering til fôr i september og desember.

Det prognoserte overskotet av 5 000 tonn matkveite etter omdisponering er overskott av klasse 4. Norske Felleskjøp legg til grunn at dette vil bli overlagra for bruk som matkorn i 2020/2021.

Annonse

Fôrkorn

Forbruksprognosane for fôrkorn baserer seg på registrert sal av kraftfôr til og med 4. kvartal i 2019.

Vidare er og produksjons- og salsprognosar for husdyrprodukt brukt opp mot trend for forbruk av kraftfôr pr. kilo husdyrprodukt. Prognosert omsetning er elles basert på tilsvarande vurderingar som i novemberprognosen.

Behovet for karbohydratråvarer blir prognosert med utganspunkt i prognosert omsetning av kraftfôr.

Andel karbohydrat i kraftfôr har falle over lang tid først og fremst til fordel for proteinråvarer. Bruken av proteinråvarer var ekstra høgt i 2016 og ga rom for mindre karbohydratråvarer.

Høgt proteininnhald i 2018

Kornsesongen 2018 ga norsk korn med høgt innhald av protein, samtidig som lite grovfôr påverka samansettinga av kraftfôret. Desse faktorane medverka til at importen av proteinråvarer gjekk ned i 2019.

I 2020 er situasjonen meir normal og det har vore grunn til å forvente auka andel av proteinråvarer og reduksjon i karbohydratandelen.

Neste artikkel

Vil endre regelverk for fangvekster