Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rådgivar: – Sjekk nøye før mottak av jordmassar

Tiltakshavar skal vurdere om massane kan vere ureina, men mottakar bør gjere det same, meiner rådgivar Trygve Torsteinsen.

Ein bør dra ut og sjå på område kor massane kjem frå, og samstundes hente inn lokal kunnskap, meiner rådgivar Trygve Torsteinsen. (Foto: Trygve Torsteinsen)
Ein bør dra ut og sjå på område kor massane kjem frå, og samstundes hente inn lokal kunnskap, meiner rådgivar Trygve Torsteinsen. (Foto: Trygve Torsteinsen)

Rådgivar Trygve Torsteinsen har, saman med Olav Martin Synnes, NLR Vest, Are Johansen, NLR Nord Norge og Samson Øpstad ved Nibio Fureneset, skrive ei handbok i bruken av overskuddsmassar til jordbruksformål.

«Jordmasser – fra problem til ressurs» omfattar også ei rettleiing for offentleg forvaltning omkring same tema. Torsteinsen meiner det er mykje å følgje opp ved mottak av massar.

– Ein kan jo ikkje sjå kjemisk ureining, frå bilbatteri for eksempel. Det er utbyggar som har ansvaret for å sjekke utgravingsstaden, men ein må følgje med sjølv når ein tar imot massane. Ser eller luktar ein noko som er mistenkeleg, må ein ta prøvar og sjekke opp dette. Det er bonden eller grunneigaren som sit med massane. Han eller ho kan ikkje berre stikke av frå ansvaret, så det gjeld å sikre seg så godt ein kan, seier han.

Kart og databasar

Rådgivaren tilrår å sjekke mest mogleg på førehand.

– Start med å sjekke kart og databasar, for eksempel miljødirektoratets database over kjent ureining. Nokre kommunar har og laga aktsemdskart. Der ligg også mykje informasjon i gardskart på internett. Finn aktuell eigedom, og mest mogleg om ting som kulturminne, raudlisteartar, miljøregistreringar og verneområde, seier Torsteinsen.

Ein bør dra ut og sjå på område kor massane kjem frå, og samstundes hente inn lokal kunnskap, forklarer han.

– Dersom eigedomen har vore brukt til for eksempel industri, bensinstasjon, verkstad eller deponi, bør ein krevje at det blir tatt prøvar. Alt av masser frå bysentera kan vere ureina. Dersom ein oppdagar ureining i ettertid, er det som regel for seint å gjere noko med det. I alle høve vert det svært kostbart. I tillegg kjem svartelista planter inn. Nokre kan vere eit stort problem i vegskråningar, hagar og deponi, men dei forsvinn ofte i eit intensivt drive grasareal, seier Torsteinsen.

– Alltid ein risiko

Det er alltid ein risiko ved å ta imot jord- og steinmassar, meiner rådgivaren.

Annonse

– Noko risiko, som til dømes avrenning, kan ein ikkje unngå. Det må handterast, og avskjæringsgrøfter, flaumvollar og fangdammar kan vere naudsynte tiltak. Massane skal helst bli liggande der dei er tenkt, dei skal ikkje rase ut, seier Torsteinsen.

– Dessutan er det ei stor utfordring å få til eit godt jordbruksareal til slutt, og ein undervurderer som regel kor mykje det kostar, både i form av arbeid og pengar. Ein skal drenere, fjerne stein frå toppsjiktet, finplanere, kalke, gjødsle og så til, legg han til.

– Bruk massane rett

I tillegg er det store skilnader på massane. Stein og andre tunge massar kan brukast til vegar og vollar, og med god planlegging kan desse og verke som dreneringskanalar, forklarer rådgvaren.

– Gode køyrevegar er naudsynt i anleggsfasen, men og ein stor fordel for framtidig jordbruksdrift. For entreprenøren gjeld det å få til ei hensiktsmessig terrengform, og ei god avslutning med egna jord på toppen. Torvjord (myrjord) egner seg dårleg, særleg i område med mykje nedbør. Det beste er mineraljord med litt mold. Slike massar må leggast til side og nyttas som topplag, dei må ikkje kome i botn av tippen.

– Er det matjord på uttaksstaden, er det svært viktig å ta godt vare på den. Jord frå ulike sjikt må ikkje blandast, og dei ulike sjikta skal leggast ut i same rekkefølgje som den opphavlege, seier Trygve Torsteinsen.

Gode råd

I boka – både den og rettleiar ligg på www.vest.nlr.no/publikasjonar, kjem forfattarane med mange råd, blant anna:

Klar og presis skriftleg avtale med tiltakshavar. Avtale med tiltakshavar må innehalde ein omtale av massane, kor dei kjem frå og kva vurderingar som er gjort mht ureine massar og framande arter.

Visuell inspeksjon av kvart enkelt lass og klare rutinar for avvik.

Bom eller anna sperre inn til tippområdet.

Eigenmelding frå entreprenør/transportør.

Neste artikkel

Bonde vant over Mattilsynet