Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppjustert kornavling

Avlinga av korn, erter og oljefrø ser ut til å bli like stor som i fjor, viser prognosen frå Norske Felleskjøp, som er oppjustert 2,6% siden september.

Tilgangen av havre er 76 000 tonn større enn i fjor, skriver Norske Felleskjøp i prognosen. Arkivfoto: Bondebladet
Tilgangen av havre er 76 000 tonn større enn i fjor, skriver Norske Felleskjøp i prognosen. Arkivfoto: Bondebladet

Norske Felleskjøp har oppdatert prognosen for tilgang og forbruk av norsk korn og proteinråvarer. Den viser at tilgangen av norske råvarer til matmjøl og kraftfôr er lik tilgangen i fjorårssesongen. Det er likevel mindre tilgang av fôrkveite – 138 000 tonn – og mindre tilgang av haustkveite til mat – 54 000 tonn. Tilgangen av bygg er 66 000 tonn større enn i fjor og tilgangen av havre er 76 000 tonn større enn i fjor, skriver Norske Felleskjøp.

Videre er tilgangen av matkveite i svært stor grad konsentrert om dei sterkaste og dei svakaste glutenprofilane (klasse 1 og klasse 5). Det er liten tilgang av matkveite i klasse 2 – 4.

November-prognosen frå Norske Felleskjøp, som er oppjustert 2,6% siden september.
November-prognosen frå Norske Felleskjøp, som er oppjustert 2,6% siden september.

Ifølge Norske Felleskjøp er dette er ein situasjon som er ulik det som har vore vanleg. Både klasse 1 og klasse 5 er svært dominert av ein sort i kvar klasse som har gitt gode resultat for dyrkarane. Kvalitetsmessig gir Mirakel i klasse 1 ei god råvare, medan Ozon i klasse 5 har synt seg å vere vanskeleg å bruke. Det store kvantumet i klasse 1 gjer det sannsynleg at vi vil ha eit overskott av denne etter sesongen. For klasse 1 er situasjonen at forbruket blir svært lågt.

Annonse

Forbruket av matkveite er påverka av koronapandemien både i den førre og i den inneverande sesongen.

Godt vêr under innhaustinga har gitt god kvalitet på havren og det blir vurdert å vere mogleg å forsyne den norske marknaden med all nødvendig grynhavre, bortsett frå av økologisk kvalitet der arealet er for lågt.

Forbruket av kraftfôr er justert ned først og fremst på grunn av god tilgang til rikeleg og godt grovfôr sønnafjells, men også av marknadstilpassinga for mjølk og kjøtt.

Neste artikkel

God framgang for Felleskjøpet