Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny metode for måling av faktisk nedbygging

Nibio har testa ut ein metode som kan gi meir presise tal på kor mykje matjord som faktisk blir bygd ned i Noreg.

Nedbygging av matjord: Kommunane rapporterer kor mykje areal som er vedtatt omdisponert, men dette samsvarar ikkje alltid med kor mykje som faktisk blir bygd ned. No er ein ny metode testa ut for å gi meir presise tal på sistnemnde. Foto: Mostphotos
Nedbygging av matjord: Kommunane rapporterer kor mykje areal som er vedtatt omdisponert, men dette samsvarar ikkje alltid med kor mykje som faktisk blir bygd ned. No er ein ny metode testa ut for å gi meir presise tal på sistnemnde. Foto: Mostphotos

Metoden nyttar ulike kartkjelder som til saman seier kor mykje areal som er nedbygd siste år, kva areala er brukte til, og kvar dei er. Arbeidet er gjort av Nibio, på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.

Vedtatt omdisponert vs. faktisk nedbygd

Med eit tydeleg og innskjerpa jordvernmål, aukar behovet for gode tal på kor mykje dyrka jord som faktisk vert bygd ned kvart år. Kommunane rapporterer kor mykje areal som er vedtatt omdisponert, men dette samsvarar ikkje alltid med kor mykje som faktisk blir bygd ned.

Som Nationen omtala tidlegare i februar, viser nye anslag at den faktiske nedbygginga av dyrka jord dei tre siste åra er dobbelt så stor som kommunane har rapportert inn gjennom KOSTRA.

Bakteppet her, er at Statistisk sentralbyrå (SBB) har brukt en ny metode for å rekne ut kor stor den verkelege nedbygginga av dyrka jord er. Anslaga er basert på igangsettingsløyve for nye bygg. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF), som er utfordra av Sps Geir Pollestad i saken, meiner SSB-tala og KOSTRA-tala ikkje er samanliknbare.

Annonse

Kva angår Nibio-metoden, er ikkje denne meint å erstatte KOSTRA-tala, som ligg til grunn for jordvernmålet. Snarare skal den nye målemetoden dra vekslar på ulike kartkjelder, og sjåast på som eit potensielt nyttig supplement til KOSTRA-tala.

Fleire kjelder

Sentralt i metoden, står Nibio sitt arealressurskart AR5. Kartet viser dagens jordbruksareal, men ikkje kva som er utbygd. Då må andre kjelder brukast. Data om nye bygningar og type bygg blir henta frå den nasjonale eigedomsmatrikkelen. I tillegg blir informasjon om nye vegar henta frå Nasjonal vegdatabank.

– Nibio har gjort ein viktig jobb med å greie ut ein metode for å registrere det som faktisk blir bygd ned av dyrka mark. Gjennom KOSTRA har vi god rapportering på det kommunane vedtar av omdisponering. Her har vi sett ein betydeleg nedgang dei siste åra. Likevel vil det gi ein god tilleggsverdi å få ei samla oversikt over kor mykje som faktisk bli bygd ned, kvar dette skjer og kva kvalitet det er på jorda som blir bygd ned, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i ei pressemelding onsdag denne veka.

Generelt er det å bygge ned matjorda vår svært kortsiktig, pongterer ho. Det tek nemleg naturen nesten 1 000 år å skape 10 centimeter av den næringsrike jorda vi treng for å dyrke maten vår. Då må jorda tas vare på, fastslår Bollestad.

Neste artikkel

Mener sensorteknologi kan redde flere beitedyr