Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny innreiing og brukt mjølkestall vart løysinga for Eivind

Eivind Myrdal (49) er blid og fornøgd. Han og familien har fått nytt lausdriftsfjøs i det gamle fjøset frå siste halvdel av 1800-talet. Ei praktisk og billeg løysing, meiner mjølkebonden i Bergen.

Nytt i det gamle: Det nye fjøset har plass til 13 mjølkekyr, pluss kviger og nokre kalvar. Eivind Myrdal fekk god hjelp frå faren Nils og sønene Joakim (bak) og Martin (t.v.) under arbeidet.

Myrdal og familien bur ca. 20 minutt frå Bergen sentrum, i Jordalen. Jordalen er ei lita jordbruksbygd og dalføre søraust for Eidsvågen i Åsane bydel i Bergen. Dalen er omkransa av bratte knausar og fjell på tre kantar.

I fjor sommar bygde dei om det gamle båsfjøset til lausdrift. Ombygginga vart gjort gjennom sommaren, då dyra var på beite. Fjøset er det andre lausdriftsfjøset i Bergen. Det andre står på Stend vidaråande skule i Fana.

– Bygningen er i bra stand. Vi bygde nytt husdyrrom for ca. ni år sidan, og hadde god takhøgde, ventilasjon og lys på plass i rommet. Vi reiv ut alt inventar og grov ut. Det var ein stor jobb, og vi hadde eit firma inne som gjorde riving, forskaling, støyping og montering. Vi køyrde ut massar og rydda, seier han.

Mjølkebonden veit ikkje nøyaktig når fjøset er bygd, men tømmeret er nok flytta hit frå eit anna bygg i dalen eller andre stader, meiner han.

Den flotte steinmuren på eine korteggen av fjøset er bygd av stein frå nærområdet.

– Muren står støtt og godt enno, seier Eivind.

Steinmuren er solid og godt bygd av lokal stein.

80 tonn i kvote

Familien driv eit lite mjølkebruk. Eivind overtok bruket etter foreldra i 2005. Han har kjøpt seg opp frå 50 000 til 80 000 liter i kvote og har 13 liggjebåsar i det nye fjøset, i tillegg til bingar for kalvar og kviger, med plass til 4–5 stykkar.

Eivind har konsentrert kalving om hausten, og kyrne går på beite i nærleiken av garden. Han sel alle oksekalvane, og har også nokre sauer som går i byfjella. Han har saman med fleire andre sauebønder i Bergen gått saman om merkevara Byfjellslam.

– Vi gjekk ei stund og lurte på kva vi skulle gjera med den gamle båsfjøsen. Han var nedsliten og tungdriven. Vi landa på mjølk. Det var det eg ville. Alternativet med sau eller ammekyr, i tillegg til ein fast jobb, såg eg ikkje på som ei god løysing. Frykta for fast arbeid utanom bruket var større enn frykta for å halde fram med mjølk, og frykta er eit godt drivmiddel, seier Eivind.

Mjølkebonden brøyter og strør på vinterstid, i tillegg til andre tilfeldige strøjobbar. Kona, Marianne Hordvik Myrdal, har fast jobb i nærleiken.

God takhøgde: Eivind Myrdal har ein kvote på 80 000 liter og konsentrert haustkalving. For ni år sidan vart himlinga heva og god takhøgde var på plass før arbeidet starta.

– Vi driv to andre gardar i tillegg til vår eigen, og eg hentar 70–80 prosent av inntekta mi frå gardsdrifta. Sauene betyr lite i denne samanheng. Men vi har lite lån på bruket, og det var viktig for det valet vi gjorde, seier han.

Kjøpte brukt mjølkestall

Annonse

Eivind var klar på ein ting: Han kunne ikkje kjøpe ein ny mjølkestall.

– Då kunne eg like godt kjøpt inn mjølkerobot. Det var aldri aktuelt. Eg betalte ca. 50 000 kroner for ein brukt mjølkestall, frå ein bonde i distriktet her. Det fungerer veldig bra, vi har teke tre steg framover, samanlikna med tidlegare. Dyra vande seg fort til det nye fjøset og mjølkestallen, seier han.

Jordalen-bonden betalte ca. 1,3 millionar kroner for den nye løysinga. Innovasjon Norge støtta prosjektet med rundt 30 prosent av totalsummen.

– Det var heilt avgjerande for å få dette gjennomført. Vi søkte og fekk tildelt pengar ca. to år før vi starta opp med arbeidet, seier Eivind.

Det er Tine og Felleskjøpet som har teikna det nye fjøset. Mjølkebonden er godt nøgd med planlegging og oppfølging frå begge partar.

Gjødsellageret er plassert på nedsida av fjøsen.

Legg mykje av fôret i silo

Siloanlegget består av tre siloar. Eivind monterte talje med grabb og silorivar sist dei bygde om fjøset.

– Det fungerer bra. Vi må dele ut fôret for hand, fordi fôrbretta er for smale til å bruke frontlastar, men det går fint, seier han.

Mjølkebonden haustar ca., ¾ deler av fôret i silo, resten blir til rundballar. Han har presse og pakkar i lag med ein nabo.

– Eg har slåmaskin sjølv og prøver å totrinnshauste alt fôret. I år har vi hatt godt ver i innhaustinga, og vi har store og gode avlingar. Det neste som må fornyast er vel siloanlegget, men vi har ingen konkrete planar om det no.

Eivind Myrdal, som også er leiar i Bergen Bondelag, føl debatten om nedskalering av mjølkevolumet med stor interesse. Han er klar på ein ting:

– Nedgang i førehandstalet må gjelde dei som leiger ut kvote også, altså reduksjon i grunnkvote. Denne marknaden er så stor, i mengd liter, og det forsvinn store verdiar ut av næringa kvart år på denne måten. Alle med kvote må bidra.Eg har heller ikkje tru på at det totale mjølkevolumet vil gå opp igjen, men at vi heller vil oppleve ein varig nedgang.

God hjelp av familien

Marianne og Eivind har tre born, to gutar og ei jente. Begge sønene, Joakim og Martin, er interessert i gardsdrifta og hjelper til heime på garden. Det same gjer faren, Nils.

Joakim har studert eitt år ved Høyskolen i Innlandet, avdeling Blæstad. Han arbeider no som serviceteknikar i De Laval Hordaland.

Både Joakim og Martin gir uttrykk for at dei gjerne vil overta mjøkebruket, men det er lenge til det skal skje enno, meiner Eivind og ler godt.

Neste artikkel

Melkebonde mener Elotec må sørge for bedre opplæring