Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frode Grønmyr er rådgivar i NLR Nordvest, med kontor i Surnadal.

– Det har stort sett gått bra i indre strøk, både med gras og potet. Her er mykje sandjord og jorda tørkar fort opp, i motsetning til område med mykje myrjord. Vi slit vanlegvis med ein del forsommartørke i dette området, men det har ikkje vore noko problem i år. Det har nok vore travelt nok, kor mange bønder måtte gjere mykje mellom alle regnbyene, men det er ingen krisestemning i indre strøk, seier Grønmyr.

Aksel Døving er rådgivar på bær i NLR Nordvest. Han har kontor i Valldal og seier det har gått tolig bra med bæra gjennom den våre sommaren.

– Det har vore litt gråskimmel i jordbær og bringebær, men det ser likevel bra ut. Det er særleg i bløminga det er smitte med gråskimmel. Det er sjølvsagt vanskeleg å plukke bringebær i alt regnet, men mange har tunnelar som gjer det enklare for plukkarane. Det er nok ein del blaute bær og rotning, men vi har ikkje avlingstal enno, seier Døving.

Annonse

Svein Lysestøl er rådgivar på grovfôr i NLR Agder. Mesteparten av Agder har fått for lite nedbør, men det har vore særleg tørt aust i Agder, mot Telemark, forklarer Lysestøl.

– Det er ein sterk veldig gradient på nedbør i regionen, det regnar frå seg på vestsida og i aust er det mykje mindre nedbør. Dei som slo tidleg, gjekk fri den verste tørken. Det var særleg gunstig å slå rundt pinse, men så gjekk det 14 dagar før ein kunne slå på nytt. Dei som slo seint fekk nok avlingar prega av tørken, seier han.

Rådgivaren meiner det ser bra ut for ein tredjeslått mange stader.

– Vi oppfordrar til ein tredjeslått. Med god varme i vekene framover, kan det bli gode avlingar. Det har vore tørt mange stader, men med ein god tredjeslått kan det bli meir som eit normalår, seier Lysestøl.

Neste artikkel

På tur med Sandra Borch