Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mange vil lære om trefjøs i Rogaland

Svein Narve Veshovda frå Eigersund er ein av fleire som har bygd seg nytt fjøs i tre. – Fjøset er rimeleg, med golv av talle og fôringsplass utanfor fjøset, seier Veshovda.

Ammekufjøset til Svein Narve Veshovda. – I trefjøset er det naturleg ventilasjon, og dyra går på talle i alle golv, seier Veshovda. (Foto: Kjellaug Veshovda)

Meir enn 50 bønder og andre interesserte var med på seminar om trefjøs i Sandnes nyleg, skriv fylkesmannen.no.

– Bygging i tre gir rom for meir eigeninnsats for bonden i byggeprosessen, sa Joacim Laurendz, bygningsrådgivar i Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland, på seminaret.

Han peika på både fordelar og ulemper ved bruk av tre som materiale.

– Suksesskriterium for at trefjøs blir konkurransedyktige kan vere at ein leverandør har ansvaret for heile overbygget, og at bygginga kan skje effektivt, for eksempel i form av element, sa Laurendz.

Får fullverdig gjødsel

Svein Narve Veshovda i Eigersund har satsa på tre i det nye ammekufjøset på garden.

– Fjøset er rimeleg, med golv av talle og fôringsplass på asfaltert luftegard utanfor fjøset. Dyra held seg rund fôringsplassen mykje av døgnet og legg frå seg det meste av gjødsla på asfalten. Den blir skrapa saman og lagt i gjødselkum. I same kummen blir det kjørt til hønsegjødsel frå eggprodusentar. Då får ein ei fullverdig gjødsel til beite og dyrka jord, seier Veshovda.

Gjødselforskrifta gjer unntak for støypt golv i driftsbygning når tørrstoffinnhaldet er over 25 prosent. Denne driftsforma kjem inn under dette unntaket.

Fjøset til Veshovda har lagt grunnlaget for utviklinga av byggekonseptet «Narvebygget». Det er utvikla av Lars Bog saman med bygdeutviklar Astrid Brommeland i Suldal og Svein Narve Veshovda.

– Kvifor valde du tre?

– Det er tre ting som må kjenneteikne norsk landbruk i framtida. Maten må vere rett produsert, både med tanke på helse, miljø og det reint etisk. I trefjøset er det naturleg ventilasjon, og dyra går på talle i alle golv, seier Veshovda.

Tallen blir tatt ut og lagt i kompost.

Annonse

– Driftskostnader til strø er 1000 kroner pr. mordyr/år, enten du brukar halm eller flis. Dette blir brukt til jordforbetring, seier bonden.

Lys, lyd og fukt

Riska Sagbruk og Jæren Treteknikk (Jatak) viste fram sine system for slepplaft og takstolar på seminaret.

Møre-bedriftene Talgø, Kvatro og Solem Sag presenterte også løysingar for bygging av trefjøs med ferdige element av massivtre eller laft, skriv Fylkesmannen i Rogaland.

Sauebonde og sagbrukar Mikal Nordbø fortalde om korleis «byggesettet» med laftestokkar har gitt rom for mykje eigeninnsats under bygginga.

– Bygging i tre gir heilt eigne kvalitetar med tanke på lys, lyd, naturleg regulering av fuktbalansen og anna, sa Nordbø på seminaret.

Tre fjøs på gang i Suldal

Seminaret var arrangert av Rogaland Skognæringsforum, i samarbeid med Norsk Landbruksrådgivning, Tine, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland.

– Vi skal arrangera eit liknande seminar på Sand i Suldal kommune i slutten på august. Vi arbeider i desse dagar med tre fjøs i Suldal, alle i det same konseptet som Narve har i sitt fjøs. Det er byggjemeldt eitt sauefjøs, og vi håper det blir to til ammekyr også, seier Astrid Brommeland.

Neste artikkel

Vi spiser litt mindre kjøtt