Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lågare toll på landbruksvarer frå fattige land

Frå nyttår blir fleire landbruksvarer tollfrie eller får lågare tollsats når dei vert importerte til Noreg frå fattige land.

Frå 1. januar vert fleire varer tollfrie eller får lågare tollsats ved import frå land som inngår i GSP-systemet, skriv Landbruksdirektoratet. Foto: Gunnar Dalen

Stortinget har vedtatt at Noreg skal gje endå lågare toll til import frå land i GSP-systemet (Generalized System of Preferences) enn før.

Det betyr at frå 1. januar vert fleire varer tollfrie eller får lågare tollsats ved import frå land som inngår i dette systemet, skriv Landbruksdirektoratet.

Utvidinga gjeld lågare mellominntektsland, som òg går under namnet "GSP+". Dette gjeld mellom anna land som Irak, Fijii, Ghana, Sri Lanka og Bolivia.

Annonse

Varegruppene som er omfatta av ordninga får 20 prosenteiningar lågare tollsatsar enn andre GSP-land når dei kjem frå GSP+-land. Til dømes vil varer som tidligare fekk 10 prosent reduksjon i tollen no få 30 prosent reduksjon.

Unntaket er kjøtvarer, der dei berre får reduksjon i tollsatsane innanfor dei WTO-kvotane som har avgrensa mengde.

Dette gjeld den nest fattigaste landgruppa i GSP-systemet. Dei fattigaste, minst utvikla landa, eller MUL-land, har allereie tollfritak for varene som inngår i ordninga. For mange varegrupper har dei ordinære GSP-landa noko høgare tollsatsar enn GSP+-landa.

Neste artikkel

3 561 dekar dyrka jord ble omdisponert i 2018