Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lærte mykje om brann og evakuering av dyr

VIDEO: Valdres brann- og redningstjeneste køyrde full utrykking til Olmhus Gård sist veke. – Ei fullskala øving som dette er svært verdifull for oss, seier Laila Lien Østgård, brannsjef i Valdres brann- og redningstjeneste.

Valdres brann- og redningsteneste rykte ut med mange bilar og stort mannskap til garden i Sør-Aurdal kommune.

Det var 55 kyr og 35 kviger i samdriftsfjøset på garden til Mikael Olmhus då brannalarmen gjekk. Det var lite røyk og eld, men elles var det mykje som minna om storbrann.

Valdres brann- og redningsteneste rykte ut med mange bilar og stort mannskap til garden i Sør-Aurdal kommune. Målet var brannavgrensing, sløkking og evakuering av dyr.

– Dette er ein unik sjanse for oss til å øve på dyr og evakuering i store bygg. Vi var spente på dyra, seier Laila Lien Østgård.

Fekk pulsen opp

Mikael Olmhus er driftsleiar for samdriftsfjøset på Olmhus. Han driv samdrifta saman med fem andre bønder. Brannalarmen gjekk rundt kl. 1230.

– Då alarmen gjekk, trudde eg det var falsk alarm som vanleg, men no var det brannøving. Eg ringde 110, og då gjekk alt saman så fort. Sjølv om det var ei øving, så gjekk pulsen opp, fordi alt verka så ekte, seier Olmhus.

Han kutta straumen til fjøset, men merka samstundes at broren var borte. Det fekk brannfolka melding om då dei kom fram.

– Det har fyrste prioritet når vi kjem fram – folk, dyr og so sløkking. Vi fann broren til Mikael i eitt rom og fekk han ut, der vi starta med fyrstehjelp, seier Laila Lien Østgård.

Saken fortsetter under videoen

Meir kaos med ungdyra

Mikael starta arbeidet med å få ut mjølkekyrne før brannvesenet kom, og det gjekk fort. Alle kyrne var ute på seks minuttar. Det var mykje meir utfordrande med ungdyra.

– Det var glatt og mørkt, og tronge opningar. I tillegg var det mange ungdyr som vil inn att i fjøset. Derfor er det viktig å ha folk med dørene som held dyra ute. Ved ein brann gjeld det å få med naboar og andre kjente, slik at ein klarer å få dyra lengst mogleg unna brannen, seier brannsjefen.

Når brann vert oppdaga tidleg, er det avgjerande å ha brannslokkingutstyr i nærleiken. Jo nærmare du er eit apparat ved branntilløp, di større sjanse har du for å sløkte brannen.

– Ta med deg eit apparat når du går for å sjekke, det kan bety mykje, seier Lien Østgård.

Overtent klokka 1320

Klokka 1320 vart fjøset karakterisert som overtent, då var det to dyr att inne.

– Det kan vere aktuelt med avliving, dersom ein ikkje får ut dyra frå fjøset, forklarer brannsjefen.

Ho samanfatta og evaluerte øvinga saman med brannfolka, og dette vart presentert for dei frammøtte.

Annonse

– Alle bedrifter og gardar bør ha brannøving med jamne mellomrom. Slik kan ein få gjort ting raskare og rettare. Det er mange flinke bønder her i Valdres, og dei er opptatt av god dyrevelferd. Det betyr mykje for oss å ha eit godt samarbeid med bøndene. Slike øvingar har stor verdi, seier Laila Lien Østgård.

– Nyttig og lærerikt

Det var Knut-Harald Bergum, leiar i Tine Sør-Valdres Produsentlag, som tok initiativ til brannøvinga.

– Det var under eit besøk i Hølera samdrift at ein av medlemmene der, Lene Helland, tente ideen i meg om å ha brannøving. Det er ein ny og veldig aktuell aktivitet for produsentane. Etter kvart forstod eg at dette var så viktig, at alle gardbrukarane i Valdres vart invitert til fagdagen, seier Bergum.

Tine, Nortura, Gjensidige og Norsk Landbruksrådgivning svara ja, og dei stod bak fagdagen, med foredrag om bl.a. beredskapsplan, brannvern, skadeførebygging og HMS.

Nortura sytte for grillmat og Tine stilte med drikke og yoghurt til dessert.

Dagen samla rundt 80 personar i alt.

– Øvinga var nok nyttig og lærerik for mange. Det er mykje usikkerheit knytte til lover og forskrifter, beredskapsplanar og krisehandtering og det er bra med slike øvingsdagar for å få ned «terskelen» på å ha ein dunganes beredskapsplan hos den enkelt brukar, seier Bergum.

– Dårlegare djupn- og avstandssyn

Bergum driv mjølkebruk i Skrautvål i Nord-Aurdal kommune. Han la òg merke til at mange ungdyr ville inn att i fjøset.

– Krøtter er ofte redde for skuggar i nye situasjonar og det ukjente. Storfe har mykje dårlegare djupne- og avstandssyn enn oss, men dyra er gode til å oppfatte raske bevegelsar. Skugge kan virke som eit botnlaust hol, og dyra vil oppfatte det som ein fare. Dei er redde for det ukjente, og kan lett nøle og bli usikre i nye situasjonar, seier Bergum.

Ungdyra her måtte ut via fôrbrettet, og då vart det ein terskel på ca. 25–30 cm som dei måtte gå opp.

– Denne var nok veldig «skummel» for dyra, seier mjølkebonden.

– Viktig å øve

Elin Rømyhr Haugen frå Vang i Valdres var blant bøndene som tok turen til Olmhus gard.

– Veldig bra initiativ. Det er viktig at brannvesenet øver på evakuering av dyr. Både for å få dyra mest mogleg effektivt ut, men også for sin eigen tryggleik. Det er store dyr, seier ho.

Jens Chr. Lied sin gjennomgang av beredskapsplan og beredskapsplakat var òg svært nyttig, meiner mjølkebonden.

– Det var interessant å høyre om at vi må vere på hogget når det gjeld det elektriske anlegget. Kor mange feil elektrikaren kan gjere som har konsekvensar for oss, seier Rømyhr Haugen.

Risiko- og skadeforebygger Erik Gjestvang i Gjensidige informerte om brannforebyggende tiltak på gardar.

– Antall husdyrbranner går kraftig ned. El-kontroll med varmesøkende kamera skal ha mykje av æra for det. No står våningshusa for tur, for her har det gått andre vegen, sa Gjestvang .

Neste artikkel

– Vi bør absolutt ikke kjenne på kjøttskam