Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Konsumentombodsmannen stemner Arla for klimareklame

Konsumentverket meiner kundane kan bli lurt av informasjonen på kartongane til Arla. Meieriselskapet er ueinige om at teksten er misvisande. (Foto: Arla)
Konsumentverket meiner kundane kan bli lurt av informasjonen på kartongane til Arla. Meieriselskapet er ueinige om at teksten er misvisande. (Foto: Arla)

Meieriselskapet Arla kan ikkje bevisa at reklamen om netto null klimaavtrykk stemmer. Derfor stemner Konsumentombodsmannen (KO) i Sverige Arla til Patent- og marknadsdomstolen, skriv atl.nu.

– Utydeleg påstand

– Det er ein utydeleg påstand for konsumenten. Dei forklaringar som Arla gir, får ikkje kunden informasjon om, dei står ikkje på framsida. Då må ein snu kartongen, og kven gjer det når ein er i butikken for å kjøpe mjølk, seier Ida Nyström, prosessråd ved Konsumentverket.

Nyström meier at konsumentar kan få inntrykk av at produksjonen av mjølk ikkje påverkar klimaet, fordi han blir klimakompensert.

– Men det stemmer ikkje. Produksjonen av mjølk fører til utslepp av klimagassar, seier ho.

Om det blir som Arla vil med klimakompensasjonen, så ligg nok effektane langt inn i framtida, og effektane er også foreint med stor usikkerheit, meiner Ida Nyström.

Annonse

I Sverige har Konsumentombudsmannen ansvaret for å føre tilsyn med den svenske markedsføringsloven. Konsumentombudsmannen er en del av Konsumentverket, og samme person er både generaldirektør for Konsumentverket og Konsumentombudsmann.

Arla: – Det blir forklart

– Arla er ueinige med Konsumentverket om at marknadsføringa er misvisande. Det handlar om klimakompensasjon, og det blir forklart både på forpakningen og gjennom link til heimesida, forklarer Arlas sjef for haldbarheit, Victoria Olsson, til atl.nu.

– Netto null er et komplekst omgrep, men det er også etablert. Blant anna kom det opp no under klimamøtet Cop26 i Glasgow.

Olsson meiner at Arla har vore nok tydelege, og at dei kundane som kjøper den økologiska mjølka, som det handlar om her, er både kunnskapsrike og oppdaterte.

– Vi har kompensert dei utsleppa som mjølka gir opphav til, og vi har anvendt tredjepartsekspertar somhar rekna på sertifiserte prosjek, seier Arla-sjefen.

Neste artikkel

Ny prisoppgang for Arlabønder