Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kokar til gull i Skurdalen

Trine og Lars Lilleslåtten har 15 geiter som mjølkar på Jakobsplass i Skurdalen. I fjor fekk dei NM-gull for den brune geitosten.

Trine og Lars Lilleslåtten om lag 50 vinterfôra sauer, geiter, høner og to hundar. - Killingane fôrar me opp og tar alt kjøtet i retur frå slakteriet, seier Lars.

Jakobsplass ligg i Skurdalen, 925 meter over havet. Det er eit dalføre i Hol kommune, mellom Seterdalen og Dagali i sør og Ustedalen med Geilo i nord.

Det er ingenting å trekke på utsikta. Skurdalsfjorden og fjellområda rundt er eit imponerande syn. Eit nytt boligfelt er ferdig planlagt i bygda for å lokka fleire unge til dalen.

På garden har Trine og Lars Lilleslåtten om lag 50 vinterfôra sauer, geiter, høner og to hundar

– Me har ca. 15 geiter som mjølkar, og foredlar all mjølka heime. Killingane fôrar me opp og tar alt kjøtet i retur frå slakteriet, seier Lars.

Kokar på gamlemåten

Lars (69) er vaksen opp på garden. Han overtok bruket i 1974 og i 1980 flytta Trine etter. På garden har det kome opp nytt våningshus, løe, uthus, kokehus/skåle og garasje med salsbu. Ei lita stove er restaurert til utleigehytte.

Mykje av tømmeret kjem frå eigen skog og er skåre på eiga sag.

– Ja, saga har gjort jobben, men no er ho nok ferdig, seier Lars.

Les også: Dyrlegen og selgeren på Svartskog

Det er Trine (60) som har lært seg ystekunsten. Trine lagar ekte brun geitost, mjølkeprim og søtprim. I 2017 fekk ho gull for osten under NM i gardsost. Ho har også fått gull ein gang tidlegare.

– Me kokar og ystar på tradisjonelt vis, med vedfyring. Ved er også ein av garden sine ressursar. Det me lagar mest av er ekt brun geitost, seier Trine.

Ho kjem frå Bærum, men fekk tidleg interesse for mjølk og foredling av mjølka.

– Det starta med hesteinteresse, med sidan gjekk eg på landbruksskule og arbeidde eitt år i Aurland med geiter og ysting. Dette er jo geitostens mekka. Det var nok det som gav den store interessa for geitemjølk og ysting, seier Trine som kokar geitost eit par gongar i veka.

Ferskt bakverk

Dei er medlemer av Budeienettverket og Norsk Gardsost.

Gjennom nettverket kan besøkande oppleve levande stølar med mjølking, separering og ysting. Nokre av stølane tilbyr overnatting og ulike aktivitetar også. Stølane ligg i fine turområde.

Det er mykje hyttefolk i Hol, og stadig fleire finn turen oppom gardsbutikken på Jakobsplass. Trine bakar brød, lappar og anna gjærbakst på bestilling, men har alltid bakst i frysen i tillegg. Ho sel også ferske egg i butikken, i tillegg til matvarer og handverksprodukt frå andre produsentar

– Me har blittt nærbutikken for mange hyttefolk her, og det er veldig triveleg. Det er stadig fleire som er interesserte i rein og god mat, og kor han kjem frå. Kundane vil helst ha det som blir laga på garden. Dei vil sjå og oppleva meir, høyre historia bak maten. Det merkar vi godt, seier Trine, og fortel at dei har mange faste kundar som kjem innom butikken.

Annonse

Nesten alt dei lagar vert seld i gardsbutikken.

Les også: Fra fjellbygda til Paris

Slår om lag 70 dekar

Trine og Lars har bra med heimebeite og slår ca. 70 dekar til saman, rundet 20 dekar er leigeareal. Dei har ein slått og legg omtrent alt graset i rundsilo, litt blir tørka.

– Når startar de vanlegvis slåtten?

– Frå den 10. juli og framover, men i år blir det tidlegare. Eg har aldri opplevd ein slik vår tidlegare, og dersom eg har opplevd det, så hugsar eg det ikkje, seier Lars og ler godt.

Han meiner det er marginale forhold so høgt til fjells.

– Det kan komme snø veldig tidleg her oppe. Me ligg midt mellom aust og vest, og om det er uvêr frå nokon av sidene, legg det dette frå seg før det kjem her, seier Lars.

Sauene går på godt fjellbeite frå Tuva turisthytte og innover vidda. Dei er med i Bjordalsdrifta beitelag, og år køyrde Lars dei fyrste sauene på fjellbeite allereie den 9. juni. Det er rekordtidleg.

– Me er ikkje stort plaga med rovdyr her oppe. Det kan komme streifdyr av både gaupe, bjørn, jerv og ulv. Ørn hekkar også i bygda, med laushundar er nok eit større problem. Beitelaget har veldig låg tapsprosent, seier Lars.

Les også: Heder til Ostegården

Blir ein livsstil

Trine og Lars har tre born. Dei har flytta frå kommunen og til storbyar i inn- og utland.

– Er det nokon av dei som vil overta garden?

– Tja, det er vel ikkje så stort påtrykk, ikkje no i alle fall. Dei er glade i heimplassen og garden, og er innom og hjelper til når det passar. Men dei har teke utdanning og fått seg gode jobbar. Slik er det, seier Trine, og innrømmer at det er litt vemodig, men samstundes kan ein forstå det.

– Det er ikkje lett å vere små, med den landbrukspolitikken som regjeringa no fører. Me held ut fordi me er stae. Det er ikkje mange yrkesgrupper som hadde funne seg i det same som me bønder har gjort. Det blir ein livsstil, men det er veldig positivt med den aukande interessa for lokalmat, seier Trine, som menar forbrukarane må bli meir bevisste.

– Deira stemme tel, og kan føre til endringar. Folk burde jo ete mykje meir småfekjøt. Dyra nyttar utmarka og beitar godt, og kjøtet er noko av det sunnaste me har, seier ho og skryt av den nye Kvardagslam-serien til Gilde

– Men ofte er det jo ikkje lammekjøt å få i butikkane. Det er for dårleg. Her må kjedene og Nortura gjere mykje meir, seier Trine Lilleståtten.

Les også: Askeladdprisen til Avdemsbue og Avdem Gardsgrønt

Neste artikkel

Mener rovviltgjerder blir mer aktuelt