Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjersti og mannen byggjer nytt på Ikeland gard

Kjersti Linn Hopland (42) gjekk frå borerøyr til lokalmat. No byggjer dei nytt produksjonslokale på garden. – Ein må gjera dei ein trivst best med, seier kjøtprodusenten i Lindås.

Satsar vidare: Kjersti Linn Hopland og mannen sender sauene til slakt hos Nortura i Førde, som nisjeslakt, og tar alt tilbake. Kjøtvarene sel dei i fleire lokale butikkar. (Foto: Annebilder)

Kjersti Linn Hopland og mannen, Sigve Andreas, driv Ikeland gard på Seim i Lindås. Dei har ca. 30 vinterfôra spelsau og to hestar.

Hopland er utdanna kokk og seinare diplomøkonom. Ho har vore ferskvaresjef og kokk, og jobba med borerøyr på Mongstad før ho starta med lokalmat.

– Vi kjem begge frå gard i dette området. Heime hadde vi sauer og skaut mykje hjort. Avskjer og anna lagde vi pølser av, seier ho.

– Eg har lært veldig mykje av Magnhild Dyrdal. Ho er veldig flink med denne typen mat, og vi har eit godt samarbeid. På messer kan ho vise fram korleis ein syr lammerull, og eg står å sel slike rullar. Det er vinn-vinn for begge to, eg vil ha fleire kundar og ho vil ha færre, seier Kjersti Linn.

Samarbeider med Alver hjort

Sigve Andreas Hopland kjøpte garden på Ikeland i 1996. Han er utdanna agronom og arbeider som seljar i AK-maskiner tillegg til sauebruket. I 2003 kom Kjersti Linn til garden. Paret har to born.

I starten lagde Kjersti Linn berre pølser til eige bruk.

– Eg synest det er veldig spennande med kjøtforedling, og hadde lyst til å satse meir på dette. Eg snakka mykje med Lars Øyvind Hillestad som driv Alver hjort i Alversund. Han har viltslakteri, kjøl, frys og godkjent kjøkken, og me har eit godt samarbeid. Eg leiger lokale her og kjøper hjortekjøt frå han til pølsene mine. Me hjelper kvarandre, utvekslar tips og råd, og er gode kollegaer utan økonomisk samarbeid, seier ho.

Kjøper hjorte- og geitekjøt

Paret på Ikeland sender sauene til slakt hos Nortura i Førde, som nisjeslakt, og tar alt tilbake. I tillegg kjøper Kjersti Linn mykje geitekjøt frå Nortura til pølseproduksjonen. Dei har eige tørke- og røykehus på garden.

Kjersti Linn Hopland og mannen, Sigve Andreas, hadde stand under Bergen Matfestival siste helga i august. (Foto: Karl Erik Berge)

– Vi tørkar og røyker alle varene på garden. Me brukar berre salt, utan nitritt, i både spekemat og pølser. Produkta er heilt frie for tilsetjingsstoff, og vert laga etter gamle oppskrifter, slik dei har gjort på gardane her i generasjonar. Produkta får modnast naturleg slik at den gode kjøtsmaken kjem fram. Då treng me verken tilsetjingsstoff eller krydderier for å få smak og haldbarheit på produkta, seier ho.

Arbeidet med nytt produksjonslokale er i full gang på Ikeland.

Annonse

– Me har fått 500 000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge til bygget og håper at det står klart på nyåret, seier kjøtprodusenten.

Sel varene lokalt

Kjersti Linn og Sigve Andreas sel kjøtvarene, pølser, spekemat, lammerull og pinnekjøt, i fleire lokale butikkar, i tillegg er dei med på ein del messer og bygdedagar.

– Me leverer jamt med varer til butikkane, og det går bra unna. Me har ikkje nok tid om sommaren til å ha utsal på garden. Det er ein tungdriven gard, med ei gamal løe i stein, forklarer ho.

Paret produserer rundballar og høy. Dei gir også sauene mask frå Hansa Bryggeri, i tillegg til tang og tare og ein del tørka rognebær.

– Me slår tre nabogardar i tillegg til vår eigen for å få nok fôr til vinteren. Me har mange bratte bakkar, så mykje vert slått med slåmaskin til tørrhøy. Flatane vert slått med traktor og forhaustar, eller pressa til rundballar, seier Kjersti Linn.

Sauene går på sommarbeite på stølen.

– Me har gjerda inn ca. 50 dekar på stølen. Me tar sauene heim på beite ein gang i løpet av sommaren, me har mykje beiteareal heime og, før me tar dei opp att på nytt. Dette fungerer veldig bra, seier ho.

Var med på Bergen Matfestival

Paret hadde stand under Bergen Matfestival siste helga i august. Festivalen er flytta frå Bryggen til Koengen.

– Det er ein stor festival og veldig kjekt å vere med her. Masse liv, men dyrt å delta for oss som er små. Me delte stand med Bringebærfrua frå Alversund, i tillegg vant me ein pris og fekk derfor standen for halv pris. Elles hadde nok ikkje dette gått rundt, seier Kjersti Linn.

Dei to hadde godt sal på laurdagen under på festivalen, men fredag og søndag var dårlege.

– Fredag var det veldig dårleg vêr i Bergen, og det spelte nok inn på omsetninga. Me er nok meir kjente i kommunane rundt her, enn i Bergen. Under Landbruksdagen i Austrheim, som skal arrangerast i oktober, har me vanlegvis veldig bra omsetning, seier ho.

Arrangørane i Bergen vil gjerne ha med små og lokale produsentar får heile Vestlandet. Folk vil sjå, smake og handle, men det kostar å komme inn og ein del reagerer negativt på dette.

– Det går an å ta inngang, men det bør bli billegare, kanskje 50 kroner i inngang er meir passe, seier Kjersti Linn Hopland.

Neste artikkel

Antall husdyr synker