Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbruksinntekta auka frå 2018 til 2019

Jordbruksinntekta auka med fire prosent frå 2018 til 2019 sjølv om ein framleis ser effektar av tørkeåret i 2018, viser tal frå Nibio.

Inntekta tok seg opp igjen etter tørken i 2018. Den gjennomsnittlege kornbonden betra inntekta si frå minus 84 000 (2018) til 334 400 kroner i 2019. Bilder er frå Nannestad. (Foto: Lars Olav Haug)
Inntekta tok seg opp igjen etter tørken i 2018. Den gjennomsnittlege kornbonden betra inntekta si frå minus 84 000 (2018) til 334 400 kroner i 2019. Bilder er frå Nannestad. (Foto: Lars Olav Haug)

Jordbruksinntekta auka med 12 700 kroner per årsverk frå 2018 til 2019, og vart 300 200 kroner.

Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag med høvesvis 353 900 og 352 000 kroner. Det viser dei årlege driftsgranskingane frå Nibio.

Gjennomsnittleg inntekt per årsverk gjekk opp med fire prosent, frå 287 500 til 300 200 kroner.

Det store bildet er at jordbruksåret 2019 tok seg opp igjen etter tørkeåret 2018, men at enkelte produksjonar framleis er påverka negativt av tørken.

Korn og geitemjølk

Den gjennomsnittlege kornbonden betra inntekta si frå minus 84 000 i 2018 til 334 400 kroner i 2019, det beste kornresultatet sidan toppåret 2015, skriv Nibio.

Annonse

Høgast inntekt i 2019 fekk produsentar av geitemjølk, med i snitt 399 700 kroner per årsverk. Det er likevel ein nedgang på sju prosent samanlikna med året før.

– Dei fleste husdyrproduksjonane fekk inntektsnedgang, seier seniorrådgjevar Heidi Knutsen i Nibio.

Knutsen er ansvarleg for dei årlege driftsgranskingane. Ho presiserer at det er store forskjellar innan og mellom ulike driftsformer.

Storfe og sau

Mjølkeprodusentane fekk redusert jordbruksinntekta for tredje år på rad, og oppnådde 294 500 kroner per årsverk, ein nedgang på åtte prosent frå 2018.

Lågast jordbruksinntekt fekk storfekjøtproduksjon med 163 400 kroner per årsverk og sauehald med 164 200 kroner.

Neste artikkel

– Regjeringa avslo å være med på en helt nødvendig retning