Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jogeir og to kameratar berga av setebeltet

Jogeir Agjeld kunne blitt ein del av sin eigen statistikk.

Då Jan Markus Kvamme brøyta vegen ein vinterdag i 2017, begynte traktoren å skli på holkeføret. Han gjorde alt rett for å bremse ned, men det var ikkje nok: Traktoren landa på taket etter eit fall på fire meter ned ein bratt skråning. Utan setebelte hadde det gått ille. (Foto: Jan Markus Kvamme)
Då Jan Markus Kvamme brøyta vegen ein vinterdag i 2017, begynte traktoren å skli på holkeføret. Han gjorde alt rett for å bremse ned, men det var ikkje nok: Traktoren landa på taket etter eit fall på fire meter ned ein bratt skråning. Utan setebelte hadde det gått ille. (Foto: Jan Markus Kvamme)

– Den einaste plassen du er heilt trygg i ein traktor, er i førarsetet. Der er setebeltet di beste livsforsikring, seier Jogeir Agjeld – som sjølv vart redda av beltet heime i Olden.

Jogeir er sauebonde i Stryn, ved sidan av arbeidet som fagansvarleg for maskinteknikk og presisjonslandbruk i Norsk Landbruksrådgiving.

Sauebonden har bak seg fleire tusen timar i traktoren, og arbeider sjølv med sikkerheit i landbruket. Likevel, ein dag var det like før han vart eit tal i sin eigen statistikk, skriv Arbeidstilsynet.

– Eg pussa beitet for ein annan bonde i bygda, då traktoren min brått velta. Eg landa med bakken berre nokre centimeter frå venstre fot og skulder, men utan skade. Slik hadde det ikkje gått utan at eg brukte beltet. Og det er poenget: Traktoren er konstruert slik at når du sit i setet, er du trygg nesten uansett kva som skjer. Så lenge du sit fastspent, vel å merke, seier han.

Redda av beltet

I løpet av kort tid opplevde to kameratar i nærområdet det same som Jogeir, skriv Arbeidstilsynet.

Jogeir Agjeld og Jan Markus Kvamme er med i Arbeidstilsynet sin nyaste film i kampanjen «Det skjedde her. Dei vart begge redda av setebeltet i traktoren. (Foto: Geir Anders Rybakken Orslien)
Jogeir Agjeld og Jan Markus Kvamme er med i Arbeidstilsynet sin nyaste film i kampanjen «Det skjedde her. Dei vart begge redda av setebeltet i traktoren. (Foto: Geir Anders Rybakken Orslien)
Annonse

Jan Markus Kvamme begynte å skli da han brøyta vegen, før traktoren ramla utfor ein fire meter høg skrent og landa på taket.

Kjell Ove Frøyset møtte ein bil på smal veg då asfaltkanten ga etter og høgre bakhjul punkterte mot fjellveggen. Då fekk berre venstre hjul bremseeffekt. Dermed skar traktoren over vegen og velta utfor skråninga på motsett side, der den kræsja ned i trestammene.

Alle tre hendingane liknar på dødsulukker som Jogeir har i statistikken sin. Men dei tre erfarne traktorsjåførane vart redda av beltet.

«Det skjedde her»

Jogeir Agjeld og Jan Markus Kvamme er med i Arbeidstilsynet sin nyaste film i kampanjen «Det skjedde her» – som no rullar i sosiale media med støtte frå ein brei allianse av organisasjonane i landbruket.

– Altfor mange trur at traktorulukker skjer “berre der det er farleg”. Men det er berre små detaljar som skil ein situasjon som du vurderer til å være ufarleg, og det som kan bli til ei dødsulukke. Om vi på førehand kan seie når ei ulukke skjer, korleis den skjer eller kvifor den skjer, hadde vi ikkje hatt ulukker, understrekar Jogeir Agjeld.

Han har tal tilbake til 2008, som omfattar alle dødsulukker med traktor i Noreg. Han reknar og med fritidskøyring og trafikkulukker, ikkje berre arbeidsulukkene.

I denne perioden har 71 liv gått tapt, men det er ingen som har døydd med beltet på i traktoren, skriv Arbeidstilsynet.

Neste artikkel

Svar til Rødt Hå om avløserordningen