Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jaktar kandidatar til nasjonal kulturlandskapspris i 2021

Norsk Kulturarv håper på mange gode kandidatar.

Vinner i 2020: Goarahat og Sandvikhalvøya utvalde kulturlandskap i Finnmark. (Foto: Marit Larsen)
Vinner i 2020: Goarahat og Sandvikhalvøya utvalde kulturlandskap i Finnmark. (Foto: Marit Larsen)

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om utvelgelsen av det beste prosjektet kvart år.

Hensikta med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er blant anna å auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet, og å stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel.

I fjor vann Goarahat og Sandvikhalvøya utvalde kulturlandskap, Porsanger i Finnmark, prisen, og i 2019 vann Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten.

Skjøtsel og aktivt landbruk

Kandidatane blir vurderte etter mange ulike kriterium, blant anna:

Annonse

Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet.

Det skal bidra til heilskap og mangfald i/for kulturlandskapet.

Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet. Det skal vera knytt til berekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet.

Bollestad styrer juryen

I årets jury sit landbruks- og matminister Olaug Bollestad (juryleiar), bondelagsleiar Lars Petter Bartnes, Kjersti Hoff, leiar i NBS, Jørn Rolfsen, adm. direktør i Landbruksdirektoratet, Hanna Geiran, riksantikvar og Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv.

Prisen vil bestå i eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl og dessutan 50 000 kroner bevilga av LMD. Alle kan foreslå kandidatar til prisen. Nominasjonar må sendast Norsk Kulturarv på eige skjema innan 1. mai.

Neste artikkel

Ferien i rammer