Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jaktar ny Askeladd

Bondelaget og Landkreditt har starta jakta på årets Askeladd. Både pengepotten og aldersgrensa har stege i 2018.

Askeladdprisen skal gå til personar som er i ferd med, eller har etablert ny næringsverksemd på bygdene.

Kåringa er eit samarbeid mellom Bondelaget og Landkreditt, og prisen skal delast ut på Bondelaget sitt årsmøte i juni.

I fjor vant Avdemsbue og Avdem Gardsgrønt, ved Anna Haugstad Avdem og Sofia Bang Elm, Askeladdprisen. Dei delte pengepotten på 30 000 kroner.

– Det var veldig moro og overraskande å vinne Askeladdprisen. I tillegg var han motiverande for oss. Me fekk mykje omtale og publisitet i ulike aviser og på sosiale medium, og dette kunne me bruke sjølve i vår profilering av dei to verksemdene, seier Anna Haugstad Avdem (26) i Avdemsbue.

Frå 35 til 40 år

Prisen i år er på 50 000 kroner og aldersgrensa for å vere aktuell er høyna til 40 år. «Vi ser etter kreativitet og pågangsmot, og virksomheten må bidra til å skape nye arbeidsplassar i lokalsamfunnet», skriv Bondelaget.

– I tillegg vart me jo inviterte på årsmøtet til Bondelaget for å ta imot prisen og gjort stas på, legg ho til.

Annonse

Anna starta bua når ho var 23 år, og synest det er bra at prisen skal gå til unge personar.

– Ein kan arbeide mykje og ta ekstra tak når ein er ung. Det må ein jo ofte når ein startar opp noko. Men eg kan også forstå at alderen er sete opp til 40 år, sidan mange tek over gardar og flyttar heim når dei nærmar seg denne alderen, seier Askeladd-vinnaren.

Fordel med fleire

Avdem Gardsgrønt går i gang med sin andre vekstsesong og lanserer i sommar grønsaksabonnement med hentestad på Avdemsbue, på Dombås og på Åndalsnes.

– Det er heilt klart ein fordel at vi er fleire gründerar som kan jobbe saman – med ulike område, men også mot felles mål for Avdem, seier Anna.

Askeladdprisen blei delt ut fyrste gang i 1995, og har blitt ein veletablert pris for gründerungdom på bygda. Alle kan foreslå kandidatar til prisen, og ein kan også sende inn forslag på seg sjølv.

Mange tidligare prisvinnarar har hatt suksess med sine konsept, og nokre har slått gjennom internasjonalt.

Med nominasjonen må det følgje ei skildring av forretningsidé, samt mål og planar for verksemda. Fristen for å nominere kandidatar er 22. april.

Neste artikkel

Grunnlaget for vern kan vaskes ut med flommen