Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inntektene ned tre prosent frå 2016 til 2017

Jordbruksinntektene gjekk ned med 9 500 kroner, til 323 300 per årsverk i 2017.

Tala er ikkje god lesing for sauebøndene. Ein nedgang til 129 800 kroner per årsverk, svarer til ein tilbakegang på 28 prosent. Arkivfoto

Det er stor variasjon i inntektsutviklinga mellom ulike driftsformer. Frukt og bær auka inntektene, medan sau og korn/svin hadde størst nedgang, skriv Nibio.

Inntektsnivået var høgast på Trøndelags flatbygder med 370 200 kroner, etterfølgt av Jæren med 368 600 kroner per årsverk.

Det viser dei årlege driftsgranskingane utført av Nibio. Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 928 bruk fordelte over heile landet.

Bra fruktår

– Fruktbøndene hadde størt auke i 2017. Dei fekk eit bra avlingsår trass i mykje vatn på Vestlandet. Epleavlingane var noko høgare, det gav bra kvalitet og eit godt økonomisk resultat. Inntekta per årsverk innan frukt og bær var på 350 100 kroner, seier seniorrådgjevar Torbjørn Haukås i Nibio.

Grasproduksjonen i store deler av landet vart derimot prega av ein svært våt sommar, noko som gjorde at både andre og tredje slåtten svikta, og bidrog til å trekkje resultatet ned for mange bønder.

Størst nedgang for sau

Lågast jordbruksinntekt av dei presenterte driftsformene hadde sauehaldet med 129 800 kroner per årsverk, ein nedgang på 28 prosent.

– Når det gjeld sauehald, så er overskotsproduksjon og låg pris kombinert med kostnadsvekst viktige deler av forklaringa på den store inntektsnedgangen frå 2016, seier Torbjørn Haukås i Nibio.

Mjølkeprodusentane oppnådde 343 700 kroner per årsverk, ein nedgang på 1 prosent frå 2016.

Annonse

Geitmjølk hadde ein auke i jordbruksinntektene på 1 prosent. Frukt og bær auka med 4 prosent.

Nedgang i inntekter og auka effektivitet

Arealet per bruk auka med sju dekar, til i snitt 386 dekar. Produksjonsomfanget per driftseining auka, og arbeidsinnsatsen var uendra med 1,6 årsverk per bruk.

Sterk auke i kostnader

Generelt var det ein auke i produksjonsinntekter på 4 prosent som følgje av auka prisar i tillegg til volum- og tilskotsauke.

Kostnadene auka med 6 prosent. Kostnader til kraftfôr auka med 5 prosent, noko som bidrar mykje til den samla kostnadsauken. Kostnader til maskinleige, leasing og energi auka også mykje siste året.

Store investeringar

Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk gjekk ned frå 150 700 kroner i 2016 til 126 500 kroner i 2017, ein nedgang på 16 prosent.

Investeringsnivået er framleis høgt, og dei store bruka investerer mest. Det vart investert i maskiner, bygningar, jord og mjølkekvote. Høgast nettoinvestering var det i Trøndelag og på Jæren.

Gjelda auka med seks prosent i snitt per bruk. Gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka var 47 prosent i 2017, det same som året før.

Rentekostnaden auka med 5 prosent grunna auka gjeldsnivå, skriv Nibio.

Les meir om driftsinntektene i neste Bondebladet.

Neste artikkel

– Vi sauebønder ødelegger for oss selv