Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ida Kleppe er den nye bybonden i Bergen

Bybonden skal inspire fleire til å dyrke meir av eigen mat i byen.

Ida Kleppe frå Sunnmøre er den nye bybonden i Bergen. Ho startar i den nye jobben 1. november. - Eg gler meg veldig. Eg trur dette blir utruleg spennande. Vi skal få noko opp og stå, og vi skal skape ein identitet, seier Ida Kleppe. Foto: Privat

Ida Kleppe (38) er født på garden Kleppe i Hærøy kommune på Sunnmøre. Foreldra har no villsauer på garden, som ligg på ei øy.

Ida har budd i Bergen sidan 2006. Ho er gift og har tre born.

Den nye bybonden arbeider i dag som regissør og produsent i Pandora film.

– Eg er ein typisk hobbydyrkar, og kan ikkje så mykje om landbruk i større skala. Eg er audmjuk med hensyn til jobben som bybonde. Eg har stor interesse knytta til urban matproduksjon, og eg har også laga ein dokumentarfilm om det å klare seg på norskprodusert mat, seier Kleppe.

Norsk mat ein heil månad

I 2017 laga ho dokumentarfilmen "Uten mat og drikke". I filmen et Ida og familien hennar norsk mat ein heil månad. Dei må kutte ut kaffi, sukker og all ferdigmat, og brøda må vere av surdeig.

Dessutan dyrkar familien potetar, har høner i hagen og lagar sukkerfritt syltetøy frå eigne bær.

I filmen, som er vist på NRK fleire gangar, møter vi norske bønder, kokkar og ekspertar på matproduksjon og samfunnssikkerheit.

Oslo har hatt eigen bybonde nokre år. Er Bergen klar for det samme?

Annonse

– Det trur eg. Her er så stor interesse for småskala matproduksjon i denne byen. Det er veldig mange i Bergen som får mykje ute av lite. Eg trur tida for ein bybonde her passer heilt perfekt, seier ho.

Del av større satsing

Bybonden er ein del av ei større satsing på urbant landbruk i Bergen. Byen mellom dei sju fjell skal bli grønare og betre, er håpet.

Arbeidsplassen til Ida Kleppe blir Lystgården på Landås, i tillegg til hagar og inn- og utmark rundt i Bergen.

Brekke startar i den nye jobben den 1. november. Første året er eit forprosjekt. Det har som målsetting å munne ut i eit hovedprosjekt på tre år.

– Vi må ta ein fot i bakken etter eitt år, for å sjå på vegen vidare. Eg er tilsett for fire år. Bondelaget er inne med 50 prosent og Lystgården er inne med 50 prosent i finansiering av denne stillinga. Eg kjem til å arbeide veldig tett med Bondelaget i Hordaland om dette. Dei har mykje kompetanse på matproduksjon og landbruk, seier den nye bybonden.

Starta av Bærekraftige liv

Stiftelsen Lystgården er starta av Bærekraftige liv på Landås. Planen er å gjere Lystgården til eit bærekraftig mat- og kultursenter som skal jobbe med menneske, mat og kultur i forhold til FN sine mål om bærekraft.

– Eg trur at Bærekraftige liv har betydd mykje her i Bergen. Det har opna opp for levemåtar og forbruk på ein meir bærekraftig måte. Mange vil leve meir bærekraftige liv, og dette blir som ein god spiral, kor bybonden også blir ein del av spiralen, seier Ida Kleppe.

Neste artikkel

Ingen konkurssmell etter tørken