Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Harepest påvist hjå fem harar

Veterinærinstituttet har i løpet av august påvist harepest (tularemi) hjå fem harar. Harane kom høvesvis frå området aust for Oslofjorden og sørlege delar av Trøndelag.

Sjukdommen skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis. Harepest kan også smitta til menneske og gi sjukdom.

– Påvising av tularemi hjå hare er difor eit varsel til folk om at bakterien finst i området. Så langt i år har vi påvist sjukdommen i Vestby, Fredrikstad og Marker, samt i Oppdal og Røros, seier Turid Vikøren, fagansvarleg vilt ved Veterinærinstituttet.

– Ikkje ta på ein sjuk eller død hare. Ein må også vera ekstra varsam med å drikka vatn frå bekkar og andre usikre vasskjelder i området og følgja råda frå Folkehelseinstituttet, påpeiker ho.

Annonse

Harepest førekjem over heile landet, men er oftast påvist i Sør-Noreg.

– Ein smitta hare blir svært sjuk og døyr vanlegvis etter nokre få dagar. Vi har mindre kunnskap om kor sjukdomsframkallande denne bakterien er hjå smågnagarar, og enkelte artar fungerer truleg som smittereservoar, seier Vikøren.

Neste artikkel

Fem dagers gyldighet på antibiotikaresepter til dyr