Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grunnlaget for oppgjeret klart etter påske

Grunnlagsmaterialet til jordbruksoppgjeret 2020 er venta klart fyrste veka etter påske.

Budsjettnemnda si oppgåve er å utarbeide og leggje fram forhandlingsgrunnlaget for det årlege jordbruksoppgjeret. Bildet viser overlevering av kravet i 2019. Frå venstre: Leif Forsell, statens forhandlingsleiar, Lars Petter Bartnes, landbrukets forhandlingsleiar og Kjersti Hoff, leiar i Småbrukarlaget. (Foto: Linda Sunde)
Budsjettnemnda si oppgåve er å utarbeide og leggje fram forhandlingsgrunnlaget for det årlege jordbruksoppgjeret. Bildet viser overlevering av kravet i 2019. Frå venstre: Leif Forsell, statens forhandlingsleiar, Lars Petter Bartnes, landbrukets forhandlingsleiar og Kjersti Hoff, leiar i Småbrukarlaget. (Foto: Linda Sunde)

Nibio, ved Landbruksøkonomisk analyse, er sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ). Nemnda har etter planen sitt siste møte 14. april, skriv Nibio på sine nettsider.

– Sjølv om situasjonen tyder på at årets jordbruksoppgjer vil bli utanom det vanlege, held vi oss til den vanlege tidslinja når det gjeld framdrift for arbeidet. Grunnlaget skal da vere klart rett etter påske, seier avdelingsleiar Lars Johan Rustad i Nibio.

Utan budsjettanslag og ref. bruk

Resultatkontroll og Totalkalkylen for jordbruket blir etter planen lagt fram i veke 16.

– Grunna uvanleg stor usikkerheit blant anna knytt til makroøkonomiske data, som rente, lønn, prisutvikling, vil Totalkalkylen ikkje innehalde budsjettanslag for 2020. Det blir heller ikkje utarbeidd referansebruksberekningar, seier Rustad.

Annonse

Bondelaget vil ha rammene på plass

Fjorårets ramme i avtalen var på 1240 millionar kroner. Det gav 20 600 kroner i inntektsvekst per årsverk i jordbruket i 2020.

Representantskapet i Bondelaget har bedt forhandlingsutvalet komme fram til ein best mogeleg jordbruksavtale i 2020. Målet er å få rammene på plass.

– Bøndene har den viktige jobben med å produsere mat også i de usikre tidene vi har nå. Nettopp derfor er bøndene avhengig av forutsigbarhet og rammer for jobben vi gjør. Vårt mål er å gå inn i jordbruksforhandlinger nå på våren for å få rammene på plass, men ikke alle detaljene, seier Bartnes til Bondebladet.

Viil Søyland ny forhandlingsleiar

Nemnda er sett saman av representantar for partane, det vil seie staten og bøndene. Nøytrale medlemmer frå SSB er og med, i tillegg til leiaren for nemnda som er ekspedisjonssjef Knut Børve i Kunnskapsdepartementet.

Viil Søyland er nyleg utnevnt til ekspedisjonssjef i Landbrukspolitisk avdeling i LMD. Søyland er statens forhandlingsleiar etter Leif Forsell.

Neste artikkel

Ingen koronapakke til landbruket