Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grønt lys for nye berekraft-prosjekt

Nye prosjekt skal fremje både etterspurnad og berekraft i norsk grøntnæring.

Auka etterspurnad etter norsk frukt og grønt er blant det dei nye forskningsprosjekta skal bidra til. Foto: Kristin Bergo
Auka etterspurnad etter norsk frukt og grønt er blant det dei nye forskningsprosjekta skal bidra til. Foto: Kristin Bergo

I årets jordbruksoppgjer vart det satt av 3 millionar over ordninga kalt "Nasjonale tilretteleggingsmiddel til prosjekt innanfor grøntnæringa". I haust lyste Landbruksdirektoratet ut midla, og mottok då ni søknader med eit totalt ressursbehov på 5,2 millionar kroner.

Dei fire innvilga forprosjekta har no til saman fått tildelt om lag 2,6 millionar kroner, og vil kunne bidra til å nå målsetjingane i Grøntrapporten, melder Landbruksdirektoratet torsdag.

Her er fordelinga av prosjektmidler:

* Gartnerhallen får tildelt 720 000 kroner til prosjekt "Berekraft som konkurransefortrinn for norsk grøntnæring.

Forprosjektet skal resultere i eit ferdig planlagd hovudprosjekt med mål om å utvikle berekraft til å bli eit konkurransefortrinn for norsk grøntproduksjon. Hovudprosjektet skal utvikle ein felles berekraftstrategi for produsentleddet og ein plan for kompetansebyggjing.

Annonse

– For å lukkast med satsinga, er det avgjerande at produsentleddet sjølv leiar an i dette arbeidet, skriv Landbruksdirektoratet.

* Matmerk får tildelt 1 442 200 kroner til eit forprosjekt. Det handler om å auke etterspurnaden etter norsk frukt og grønt.

Bakgrunnen er rapporten «Grøntsektoren mot 2035», som kom i mars. Den konkluderte med at det er mogleg å skape monaleg vekst både i totalmarknaden og for norskandelen i grøntsektoren.

* Nibio får tildelt 279 000 kroner til eirt prosjekt som skal gi svar på korleid offentleg sektor skal kjøpe meir frukt og grønt, med ein høgare norskandel.

* Norsk Gartnerforbund får tildelt 150 000 kroner til prosjekt "Saman for norske planter – SamPlant".

– Norske prydplantar er i sterk konkurranse med import. Det er difor viktig å synleggjere fordelane med norsk produksjon av prydplanter, og finne fram til ein modell for eit sterkare samarbeid mellom produsentane", skriv Landbruksdirektoratet.

Neste artikkel

Vil løse plastproblemet med nanoteknologi